lørdag 12. desember 2015

Røvarkufta ...

... eller Røverkofta som den heiter i "Lek med tradisjoner" av Kristin Wiola Ødegård, har eg no teke i bruk. Ho vart strikka i november og montert for eit par veker sidan. I boka er ho strikka i Peer Gynt, men eg valde å bruke Alpakka frå Sandnes.  Alpakkagarnet er mykje mjukare enn ullgarn, og kufta vert ikkje så tjukk.
På Strikkesida er der mange diskusjonar.  Eg har lært meg at det er best å ikkje rote seg bort i dei.  Nokre meiner t.d. at kle vert reine om ein frys dei.  Så skal alt dampast og vaskast i maskin.  Sjølv vaskar eg alle nye plagg før eg tek dei i bruk eller gir dei vekk. Eg sentrifugerer dei lett i maskina (800) og let dei ligge og tørke. Damping gjer plagg flate, lærte eg på Lærarskulen ... Etter at eg fann ut at ein ikkje bør feste trådane, berre legge dei til motsett side, synest eg at monteringa er mykje enklare.

Modellane i boka er smale i ermane.  Så om andre som les bloggen har tenkt å strikke frå henne, anbefaler eg å auke litt raskare ut i starten om ein ønskjer litt vidare ermar.


5 kommentarer:

  1. For ei flott kufte, igjen.
    Du strikkar den eine finare enn den andre. Det var vel denne du
    hadde på bildet i avisa ?

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har ikkje sett bildet i avisa, men reknar med at det var det same som på nett. Der hadde eg på meg den med raude roser som eg strikka likt til systera mi, då kalla Arbeidarpartkofta.

      Slett
  2. Så flott ei kofte!
    Du er utruleg effektiv :-)

    God 3.søndag i Advent!

    SvarSlett
  3. Veldig fin kofte! Den kledde du godt!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...