onsdag 30. desember 2015

Bok 58: Bror din på prærien

«Bror din på prærien» er ein slektsroman og westernroman, fortalt på same sanselege vis og i same poetiske språk som den lovpriste «Slåttekar i himmelen». Eilert Knutsen er berre seksten og eit halvt år gammal da han går om bord i dampskipet i Kristiansund med kurs for Amerika. På kaia står far hans, slåttekaren Knut Hansen Nesje, blinda av tårer. Seks veker seinare bankar Eilert på døra hos tante Gjertine i Day County, Sør-Dakota. Eilert er ein vakker ung mann, godt over seks fot høg, og jentene i det nye landet ser ikkje vekk, dei set snarare blikket rett på han. Da han kysser den dragande Jenny Mortenson, er det både med sterk lyst og frykt for å bli bunden. Han forsøker å la arbeidet styre han. Det skal kome ei stor og gjennomgripande omvending i Eilerts liv, som om han har vore på fel spor. Etter tolv år som fri arbeidshand i Sør-Dakota, Minnesota og Wisconsin, bryt han opp - på same måten som 50 000 andre nordmenn - og startar på den lange reisa til Albertaprærien i Canada. Han tar land ved Hesteskoen i Donalda hausten 1905. Heime i Norge ser Nesje at åra går, og han uroar seg for om han nokon gong skal få sjå sonen sin att i dette livet.

Eg har gledd meg til å lese framhald av "Slåttekar i himmelen".  Hoem er ein av mine favorittar.  I denne romanen får vi vite korleis det går med slåttekaren, men den viktigaste delen av romanen er den om sonen hans som reiser til Amerika.  Eilert prøver ulike yrke.  (Norsklæraren i meg begynner å tenke på Hamsun og elevar som har lese seg opp på alle yrka han prøvde i Amerika, særleg kramkar som dei tydeleg ikkje veit kva er.)

Hoem har prøvd å sette seg inn i tankane til desse forfedrane sine.  Kva gjorde at det tok Eilert så mange år å finne land?  Kvifor gifta han seg ikkje før?  Kva hadde religionen og kristentrua å seie for desse utvandrarane?  Tenkte dei på å reise heim?

Hoem skildrar livet og tankane deira på ein truverdig måte.  Språket er enkelt og passar til desse menneska.

Som ein bonus får vi lære litt historie.  Eg visste til dømes ikkje at Molde var ein slik turistby, og at Keiser Wilhem reiste dit i mange år.  Det er interessant å høyre om tilhøva for  nordmennene i Amerika, og om utfordringane dei møtte.

Til slutt får lesaren gjere seg opp sine eigne tankat.  Kven trekte det lengste strået, dei som reiste og vart att i Amerika, eller dei som vart verande?  Det vil kanskje vere ulikt frå generasjon til generasjon?  Faren til Eilert ville ha han heim, for tidene vart betre i Noreg.  Lønene gjekk opp , og ein kunne få seg arbeid.

No gler eg meg til å lese neste roman.  Eg reknar med at då vender vi attende til sonen som vart sett vekk som sjuåring. I denne romanen fekk han litt plass. Sist vi møtte han, var på dødsleiet til faren.

I lydbokutgava les forfattaren sjølv, og det gjer han glitrande!






2 kommentarer:

  1. Takk for omtale av boka.
    Den sto på ynskjelista mi og eg fekk den i julegåve.
    Gler meg til å lese den.
    Hvitt hav av Roy Jacobsen sto også på lista og den har eg lese hittil i jula.
    Med mange rundt meg heile dagane blir det lite tid til å
    konsentrere seg.
    Takk for fin kontakt gjennom året som snart er til ende.
    Alltid kjekt å lese bloggen din.
    God nyttårsklem frå Anne-Mari

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk skal du ha! Og takk for alle tilbakemeldingar!
      Du har to bøker å gle deg til!
      Godt nytt år - og godt nytt bloggår!

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...