onsdag 25. februar 2015

Back in business

Då smarttelefonen min takka for seg etter vel to år, var eg glad for at eg fekk overta ein lite brukt telefon etter mora mi.  Kva skal ein med både I-pad og smarttelefon?  Kor mange slike dyre leiketøy treng ein? 

Folk ler av meg når eg seier eg må trykke tre gonger for å få l.  Dette hadde eg i fingrane.  Berre teikna vart eg aldri fortruleg med. Ungdomane sukkar.  Det er ikkje retro fordi det er gammalt! 

No har telefonen gjort jobben i to månader. 

Mannen skal ut og reise.  Ha orda frampå om at han ville kjøpe seg eit lite kamera.  Kva skal du med det? meinte eg.  Det må no vere mykje betre å kjøpe seg ein mobil med eit godt kamera!

No har han gjort det.  Og eg arva den gamle mobilen hans som var omtrent lik min kjære smarttelefon som no er kondemnert.  Det omtrente gjorde at eg måtte kjøpe meg eit nytt Sim-kort - og få ny pin-kode.

Konklusjonnen, eller erfaringa, er at det er ikkje lett å gå ned i standard. 


2 kommentarer:

  1. Gratulerer med "Ny" telefon.Veldig greit å arve slike ting.
    Har som regel gjort det, når en har en sønn som har hatt
    det som jobb ei stund, så vanker det litt på mor og far. hehe.
    Har en slik Samsung som jobb-telefon.
    Kjenner det mange ganger irriterer meg å bruke den.
    Men,men. Godt jeg har min egen når jeg trenger noe
    som er raskere.
    Fortsatt god uke til deg :)

    SvarSlett
  2. Blir litt fornærma når du skriv så nedsettande om den gamle telefonen min. Du må slett ikkje trykke tre gogar for å få l- då har du ikkje stilt den på rett program. Dessutan er den ikkje så gammal som du trur. Men du kan no ha den liggande som reserve. Eg har ein som er enda eldre om min nye skulle svikte.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...