søndag 1. februar 2015

1. februar

I går var ein aktiv og sosial dag.  Etter å ha handla og vaska, gjekk eg på kafé saman med ei venninne.  Mot kvelden for vi over fjorden og besøkte eit vennepar.  Det vart ein triveleg kveld med mykje god mat og prat.  Det å fare over fjorden er ei utfordring i seg sjølv for tida.  Det braut ut brann i motoren på reserveferja her om dagen, så no har der kome ei "ny" B-ferje.  Vi sikta oss inn på A-ferja. Ho heldt ruta.  Eg har ikkje meldt meg inn i Facebook-gruppa "Kva var det vi sa?", for eg har ikkje sagt noko.  Det er lagt mellom kvar gong eg reiser den strekninga no når vi er landfaste sørover.

Denne veka har eg servert både to og tre ulike rettar til middag.  Så har eg fått brukt opp små eller halve middagsporsjonar.  No har eg kome så langt i lagertøminga at eg har frose ned seks brød!  Det har tatt si tid etter omlegginga til fryseskåp.  I dag serverte eg kalkunfilet med omnsteikte grønsaker og pesto  etter oppskrift i den gule kokeboka som niandeklassingane har fått.

Legg merke til orkideen!  Snart kjem det blomster på greinene i midten også.  Planten fekk mannen av nokre kollegavenninner til femtiårsdagen sin i 2012.  Orkidén var spesielt flott med fem greiner.

Elles kan vi gle oss til Mammutkatalogen som skal leggast ut i morgon, ser eg på nettet.

4 kommentarer:

  1. Alltid så koselig med fint dekka bord.
    Ja, best ikkje seie noko....
    Men trasig for dei som er avhengige av ferga.

    Ha fin ny veke :-D

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Takk for det! Ja, det er skikkeleg trasig for dei som må over fjorden kvar dag! Der burde vere, og skal kome, tre ferjer.

    SvarSlett
  4. Nei, ditta ferjesryret forstår eg meg ikkje på,
    Me hadde det så fint... Men, eg vil ikkje melde meg inn i den gruppa.
    Orkidéar er kjekke !

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...