mandag 27. oktober 2014

Samvirkelag

 På eit godt gamaldags samvirkeleg, eller Coop Extra, får ein kjøpt omtrent alt ein treng.  I dag kom eg heim frå jobb rett før stengetida til butikkane i bygda.  Pæra, eller rettare sagt lysrøret, i leselampen min hadde gått.  Det hadde vorte ein mørk kveld med avislesing på I-paden om ikkje dei hadde hatt lysrør på coop.  No kan eg strikke nokre masker medan eg ser på krim på NRK.

Elles var det ta to for 30 kroner på Nortug-produkt denne veka, som de kanskje ser ut i frå bildet.
I går fylte bror min 50 år.  Eg hadde tenkt at Hawaiirosa eg fekk av han skulle blomstre på dagen!  Ein dag på etterskot slo ho til!

2 kommentarer:

  1. Godt med gode tilbod!

    og den rosa er vakker :-)

    Gratulere med overstått dag til veslebroren din ;-)

    SvarSlett
  2. Takk for det! Synd han bur så langt vekke ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...