tirsdag 4. februar 2014

Bok i postkassa

 Eg er medlem i Hobbyklubben.  Dei fleste bøkene avbestiller eg. Men då eg såg det skulle kome ei ny bok om hønsestrikk, fekk eg lyst på den. Mønsreret på genseren på bildet ligg som før skrive gratis på nett.  I boka finn ein også ein til barn med rundfelling.
 Sjekk denne gardsgenseren.
 Denne er kanskje min favoritt!
 Mønsteret kan tilpassast eigaren.
Eit par puter er også med.

Boka inneheld mange mønsterborder som ein kan sette saman sjølv, og det er vel heile vitsen med hønsestrikk!

4 kommentarer:

  1. Herleg at det er på moten igjen!

    Fin kveld :-)

    SvarSlett
  2. Hugsar alle "hønsestrikkgenserane" eg laga i si tid. Men dei var stort sett sjølvdikta, fann ei bord her og ei der. Men det var gøy, og så fekk eg brukt opp mykje restegarn. Kjekt med alle rundfelte mønster, det gjer monteringa lett.

    SvarSlett
  3. Kjekk mote! Har sansen for unike genserar. Må vere kjekt for barrnehagar og skular. Liker og best rundfelling eller raglan ...

    SvarSlett
  4. Kjekkast å strikke rundfelling og raglan, men genserar med isette ermar er ofte finare på fasong, i alle fall på folk som ikkje er særlig breiskuldra.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...