mandag 10. februar 2014

Bok 9: Fange 59 taterpige

Denne romanen plukka eg med meg frå skulebiblioteket.  Eg såg at systra mi likte den, og så tenkte eg at eg kunne like godt lese romanen og kanskje anbefale den for elevane mine.

Handlinga er lagt til 17-hundre talet.  Hovudpersonen er ei ung taterjente.  Ho kjem vekk frå familien sin og vert arrestert og sendt på tukthus.  Seinare får ho jobbe som tenestejente hos prosten. For ein erfaren lesar er det som skjer der noko føreseieleg.

Det historiske stoffet er interessant. Ikkje minst er det viktig å få fram taterane si historie.   Forfattaren viser til skriftlege kjelder i form av protokollar. Der er også andre interessante lagnader.

Romanen er lettlesen.  Eg las den i trua på at det var ein ungdomsroman.  No ser eg at Samlaget har gitt den ut som vaksenroman.  Då vart eg meir i tvil om kven eg vil seie romannen passar for.  I utgangspunktet ville eg sagt ei ung jente 15-18 år?

4 kommentarer:

  1. Eg likte den godt, kanskje spesielt fordi eg nettopp hadde lese "Barfotdronningen", som eg fann svært langtekkeleg.

    SvarSlett
  2. Eg håper å kunne lokke den på ei av " jentene mine".

    SvarSlett
  3. Eg har lese dei tre bøkene til Aina Basso. Alle er fine på kvar sin måte. Den siste om hekseprosessane i Finnmark var ho nominert til Nordisk råds litteraturpris for.
    Aina er barnebarnet til tanta mi, og eg har høyrt om henne frå ho var lita, kor ho sat ved kjøkenbordet og skreiv små noveller.
    Me er stolte av henne. Eg har skrive eit innlegg om bøkene hennar på bloggen min.

    SvarSlett
  4. De har grunn til å vere stolte av henne! Eg kjem på at det sikkert er du og som har inspirert meg til å lese romanen!
    Kjekt med nynorskromanar, ikkje minst til ungdom!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...