mandag 2. september 2013

Matboks?

I dag inviterte eg meg sjølv på middag i Ørsta.  Eg visste at systera mi skulle vere der.  Det vart ei triveleg stund med god mat og god prat.

På heimvegen stakk eg innom Amfi.  Eg hadde eit ærend, men det eg skulle ha, var ikkje å oppdrive.  I staden kika eg innom den nye Kitch'n.  Dert var det mykje fint.  Kvaliteten er god, og mykje er etter min smak.  Nokon handel der vart det ikkje i dag.

Claes Ohlson har vi heller ikkje her, så eg gjekk meg ein runde.  Der kom eg over ei ny oppfinning, ein matboks/ei eldfast form. Loket kan brukast i mikrobølgjeomn, då med open ventil.  Den er vel akkurat passeleg stor til ein middag til ein ung mann.

4 kommentarer:

  1. Finn rett som det er noko eg treng på Clas. Må sjå innom Kitch n -butikken også. Mykje fint der.

    SvarSlett
  2. Så lurt da. Den er jo grei både å lage
    mat i og til å fryse ned rester.
    Ha en herlig dag :)

    SvarSlett
  3. Ja, og det er ikkje så mykje meir arbeid å lage litt ekstra. Her er problemet for tida at eg lagar mat også til dei som ikkje er her. Det er ein opvergang å berre vere tre til middag.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...