onsdag 21. august 2013

Hagen i dag

 Timane på jobb og etter jobb går fort for tida. Som eit lite livsteikn, kan eg ta blogglesarane med meg ut i hagen.  Det er så mørkt at blitzen slår inn.

I utgangspunktet synest eg det er lite som blomstrar for tida.  Bedet bort mot eine naboen er heilt grønt.  Det får eg gjere noko med.  Det er sjølvsagt fargerikt om våren.
 Denne planten vart omtrent oppeten der han stod i fjor.  Eg flytta han rett før solveka her i år.  Eg bøtta på med vatn, så det gjekk heldigvis godt.
 Hovudmistenkt!
 Sjølv om eg berre har to skvåsjplantar i år, så har vi rikeleg med skvåsj.  Plantane og skvåsjane er så robuste, trur eg.  Og det er færre sniglar i år.
Buskane som vi fekk av systera mi for to år sidan, har vakse litt, men dei har ikkje blomstra til no. Dei andre buskane og snøbærhekken har mange visne greiner etter den harde vinteren.

Viss eg skal kjøpe noko nytt til hagen til våren, må det bli roser og haustblomstrande staudar.

4 kommentarer:

  1. Er ikkje så mykje som blømer i hagen min heller akkurat no. Ei fin tid til å planlegge neste års hage.

    SvarSlett
  2. Ser at clematisen din blomstrar. Vi har planta tre clematis. Den første er blitt til tre, den andre er det så vidt liv i, men den tredje er vekk. Alt ser meir og mindre bedrøvelig ut etter alt regnet, men det finst mange knoppar, så dersom hausten blir lang og varm er det eit håp.

    SvarSlett
  3. Snegler som spiser på plantene er noe herk! Jeg har så lyst på sommergeorginer, men det helt umulig på grunn av sneglene som kommer like fort som blomstene er plantet.

    SvarSlett
  4. Eg hadde georgineknollar, men dei vart så stygge dvs halvvegs oppetne av små, grå sniglar. I år har dei krope opp i krukkene med sommargeorginer også. Ein får berre gle seg over det som er fint.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...