søndag 18. august 2013

Bok 40: Politi

Eg trur nok at dette er romanen flest nordmenn har lese i sommar?

Etter førre roman fekk eg spørsmålet av han eg kallar krimkompisen min: Lever Harry Hole?  Ja, seier eg.  Jo Nesbø kan ikkje ta livet av han! (Eg er framleis irritert på Henning Mankell si siste bok om Kurt Wallander.)

I Politi held han oss lenge på pinebenken.  Men vi vert ikkje skuffa.  Elles er dette ein typisk Harry Hole-roman.  Alle politimenn er ikkje til å stole på.  I Politi er dei også offera.  Vi Harry Hole bli eitt av dei? Ingen Harry Hole-roman der han ikkje held på å bli drepen!

Det er vanskeleg å skrive mykje om romanen utan å røpe handlinga. Ein presentasjon av boka finn de her.

Romanen er ein pageturner.  Ein får det ein forventar. Eg har sansen for at alt ikkje er svart-kvitt.

6 kommentarer:

  1. Eg var ikkje overbegeistra for denne boka, men så er eg heller ingen blod-fan av HH. Eg irriterer meg litt over at somme forfattarar får så mykje meir publicity enn andre- som kanskje fortener det meir.

    SvarSlett
  2. Olaug, derfor likte eg så godt at filmen "som du ser meg" gjekk framfor Kon Tiki på Amandafestivalen. Har de ikkje sett den filmen, må de gjere det! Der er lenge sidan eg har lese Harry Hole, men har den i bokhylla.

    SvarSlett
  3. Den filmen fekk eg lyst å sjå!

    SvarSlett
  4. Kon-Tiki har eg sett, og den baud ikkje på noko nytt. Eg var ikkje så begeistra. Men publicity, det har den fått ! "Som du ser meg, skal eg sjå ved første høve.

    SvarSlett
  5. Jeg har også lest "Politi", og likte den, enda så usannsynlig den virker. Harry Hole må ha minst ni liv, ikke noe annet menneske kunne overleve alle de farene han kommer ut for i løpet av en sak :-) Man vet også at Nesbø flere ganger pr bok prøver å lure oss til å tro at n å er morderen avslørt, og man går n e s t e n på kroken hver gang :-) Beundrer Nesbøs kunnskap og grundige reseach, for eksempel når det gjelder musikk og språk/sjargong i de miljøene han skildrer.

    SvarSlett
  6. Ja, han gjer sitt for å forvirre lesaren. Eg liker at folk er litt samansette. Det er ikkje vanskeleg å forstå at han fenger både kvinner og menn.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...