tirsdag 13. november 2012

Oxymoron

Kva heiter sånne ord som "dritbra"  - adjektiv som betyr det motsette?

Det var ein elev som spurde ein annan lærar.  Eg måtte innrømme at eg ikkje hadde høyrt om det.  Men no har eg også i dag lært noko nytt OXYMORON.  Læraren fann det.  Og så burde eg legge det ut på bloggen?  No veit eg i alle fall at det finst eit ord for kjempeliten.

Eit anna ord som eg ikkje fann i vår då vi heldt på med dialektar er ordet for å seie stylvar for støvlar eller kjølve for kjevle.  Her vert konsonantane ombytte.  Kanskje nokon av blogglesarane veit?

Illustrasjonen i dag får være denne dritfine novemberkaktusen.

9 kommentarer:

  1. Terje Kjøde har skrive om det i "Målauget" i MN men eg hugsar ikkje ordet. Han og eg sat i lag ved middagsbordet på Eid, og då kom vi inn på dette fenomenet. Det kan hende eg gidde å leite det opp, elles får du vente til du får avisene.

    SvarSlett
  2. Hm, aldri høyrt ditta ordet før, men slo det opp no.
    Dei andre dialektuttrykka du nemner har vore diskutert på ei facebookside som heiter Sunnmørske ord og uttrykk som burde brukast oftare. Leif Arne Grimstad refererte litt frå denne sida i VV for ei tid sidan.
    Diverre er ikkje orda på sida samla alfabetisk så det er nærast umuleg å finne dei att.
    Men eg hugsar at t.d kjølve er det mange som brukar å seie..

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg får passe på å bli medlem i den gruppa!

      Slett
  3. Mykje rart i språk! Eg gløymer nok dette framandordet. Kjem sinnsykt bra og under denne kategorien? Eg likar ikkje desse orda, må eg vedgå, og media fløymer over av dei. Eg er dritlei ev dei, men obs, det blir vel ein ny kategori igjen...

    SvarSlett
  4. Metatese i følge Terje Kjøde.
    I min barndom sa eg alltid kjelve-i staden for kjevle.Stølva er det mange ungar som seier i staden for støvlar.Det er synest er litt rart er at dei seier evla-eg meiner at elva må vere lettare å seie.

    SvarSlett
  5. Metatese! Takk! Då kan eg finne attende til det. Ordet er visst brukt i kjemi også.
    http://nn.wikipedia.org/wiki/Metatese

    SvarSlett
  6. Heime seier me klengre om kringle, det er vel ein variant av det same.

    SvarSlett
  7. Ja, det er og eit godt døme! Eg samlar på "krydder" til undervisninga.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...