lørdag 7. juli 2012

Safting og sylting heile året

 Sylting og safting er ei fin kokebok. Bilda er nydelege - og ikkje minst freistande.
 Du kan bla i boka her.
I innleiinga gjer Gunda greie for filosofien bak boka.  Ein kan sylte små porsjonar! Det er lov å kjøpe frukt og bær i butikken. I tillegg til saft og sylte finn ein andre konserveringsmåtar.
I tillegg til oppskrifter skriv Gunda gjerne litt om eigne opplevingar med oppskriftene.  I dag starta eg med å lage saltsylta sitronar s, 24.  Dei skal stå ein månad i kjøleskåpet før dei skal brukast.
 Eg hadde att ei korg jordbær i kjøleskåpet frå eit få-attpå-tilbod.  Derfor vart det berre laga halv porsjon av jordbær- og rabarbrasyltetøyet s. 69.  Då startar ein med å koke sirup av sukker, vatn og frisk ingefær.
 Ei venninne av meg stakk innom rett etter at det var ferdig.  Ho fekk sjølvsagt med seg eit glas som smaksprøve.  Freista til å kjøpe boka vart ho og.
 Nektarinar er på tilbod denne veka til 13 kroner korga.  Oppskrifta s.62 vart dobla.  Eg har kokt nektarinsylte mange gonger før, men no prøver eg altså med Gunda si oppskrift.  Eg var litt i tvil om nektarinane var litt for modne til å få syltetøyet stivt, men det gjekk heilt fint.
Oppskrifter kan eg sjølvsagt ikkje legge ut på bloggen.  De finn kanskje nokre på bloggen hennar, viss de då ikkje unner dykk den flotte boka.

4 kommentarer:

  1. Så kjekt at du likte den! :-) Viss nektarinane er for lite modne hender det at eg gir syltetøyet ein rask runde med stavmiksaren, då får eg også pulverisert det som måtte vere att av skal.

    SvarSlett
  2. Eg vurderte faktisk å gjere det! Syltetøyet i boka var glattare.

    SvarSlett
  3. Eg meiner å huske at dei nektarinane var veldig modne, ja. Eg burde kanskje sagt noko om det i boka.

    SvarSlett
  4. Og eg hadde mindre modne nektarinar i kjøleskåpet! Learning by doing. Men sylta er populær i heimen - og det er det viktigaste. Sjølv håper eg no at neste rabarbraavling kjem samtidig med dei norske jordbæra.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...