onsdag 25. juli 2012

Mobilblogging

Eg fekk eit spørsmål om eg kunne forklare dette med mobilblogging sidan eg har fått det til. Eg skal prøve å lage ei lita rettleiing.

1. Få ein femtenåring til å hjelpe deg.
Dette punktet er halvveis ein fleip.  Men desse fjortisane, dei manøvrerar seg lett fram på desse smarttelefonane.  For meg er det eit "nytt språk" å lære.

På min telefon går ein inn på Play Butikk.  Appstore kan det også kallast, seier ho.
 Då er det berre å søke ...
 ... blogspot.
 Her ser de at Blogger kjem opp.
 Her må ein trykke på nokre accept og installer...
 ... og opne. Ei e-postadresse kjem opp ein stad på vegen.
Slik såg skjermen ut i går då eg laga innlegget mitt i går.  Desse teikna kjenner alle som har blogg med blogspot!  Lykke til!
P.S. No har eg lasta ned Google oversetter også.

6 kommentarer:

  1. Kjekk oppskrift! Men jeg som nekter å innse at jeg kanskje burde bruke brillene mine litt mer, synes alt blir så knøttlite på iPhonen min :) Tviholder på å blogge fra den bærbare. Men sikkert kjekt hvis man skal blogge når man er på reisefot.
    Takk for besøk i bloggen min! Nå har jeg forandret innstillingene slik at det forhåpentligvis skal gå an å kommentere i den nye bloggen også. Takk for at du gjorde meg oppmerksom på at det ikke funket.

    SvarSlett
  2. Det er mykje meir tungvint å skrive på teefonen. Men eg tenkjer også at viss ein er ute og reiser, kan det vere greitt med eit lite livsteikn.

    SvarSlett
  3. Takk for tipset.
    No er det gjort, og eg kjem kanskje til å blogge når eg skal på tur om nokre dagar :)
    Brukar av og til iPaden når eg er vekk, men får sjå kva eg finn på ;)

    SvarSlett
  4. På ipaden sin appstore får eg ikkje opp den raude b-en for blogger...

    SvarSlett
  5. Kanskje beste tipset er å huke tak i ein ungdom ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...