onsdag 18. juli 2012

Bok 35:Dager i stillhetens historie

For denne boka fekk forfattaren Nordisk råds litteraturpris.  Det er 25 år sidan ei norsk kvinne har fått denne prisen.  Det var Herbjørg Wassmo i 1987. Les gjerne denne artikkelen. Eg synest det er kjekt at ein så pass ukjend forfattar endeleg slår gjennom.

Då eg såg intervju med henne på Frukost-TV, tenkte eg at denne skal eg lese.  Heldigvis kom eg raskt over den på lydbok. Før opplesaren seier det, høyrer eg at dette ikkje er ein skodespelar som les, men forfattaren.  Ein ven seg til hennar måte å lese på etter kvart.

Frå coveret:
Et eldre ektepar har inngått en stilltiende pakt om ikke å snakke om sin fortid. Mens han lukker seg mer og mer inne i seg selv, prøver hun å bryte ut av isolasjonen og tausheten. Hvem var hushjelpen de begge ble så sterkt knyttet til i en periode, men som de brått sa opp?


Det er den eldre kvinna som fortel historia.  Ho har gitt frå seg eit barn, noko han meiner ho må ta tak i.  Han er jøde og har overlevd krigen, men misst mange familiemedlemer.

Eg synest dette er ei nydeleg bok om det sagte og usagte.  Det er ein roman med litterære kvalitetar.




5 kommentarer:

  1. Denne boka kan eg tenke meg å lese--berre den ikkje er sentimental?

    SvarSlett
  2. Nei, det synest eg ikkje den er. Etter mi meining er den fri for klisjear.

    SvarSlett
  3. Høyrest spennande ut..
    Været kan vi ikkje gjere noko med.
    Fekk både sol og regn då vi var i Vik i går.
    Og yr.no er ikkje til å stole på.
    Kanskje same dagen, men ikkje lenger i allefall ;-)

    SvarSlett
  4. Har akkurat kjøpt boken, gleder meg til å lese den. Jeg liker veldig godt bøkene til Linda Olssson, vil du trekke noen parallell til hennes stil eller? Ha en fin sommer! Anne Lise

    SvarSlett
  5. Ja, du er inne på noko der. Eg har berre lese ei av hennar bøker "La meg synge deg stille sanger"(?)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...