søndag 8. juli 2012

Aprikosmarmelade og nøttekompott

 I går kveld begynte eg planlegginga av det eg skulle lage i kveld.  Eg la i blaut eit par pakkar aprikosar.  Tørka aprikosar er noko av det beste eg veit, så eg rekna med at denne sylta ville bli god!
 Dei to oppskriftene eg prøvde i dag, høver godt til å få tømt matlageret mitt.  Det er kanskje fleire som har att korintar som ikkje vart brukte til jul?  Oppskrifta finn du i Safting og sylting heile året s. 37.
 Lyse rosiner kjøpte eg på Sunnmøre Folkebutikk for eit par månader sidan. Her er nokre av ingrediensane til nøttekompotten. Eg dobla oppskrifta i boka, for det høvde godt til pakningane mine som var på 200 g.
  Oppskrifta finn du i Sylting og safting heile året s. 23.
 I dag var eg ekstra nøye med glasa.  Dei vart kokte i vassbad omnen på 125 grader i ca. 20 minutt. På den måten dett også etikettane av.
 Dagens resultat.  Dette er ikkje akkurat billeg å lage, men det er kjekt å ha noko eksklusivt!
Medan dei andre var i godisaffâren, fann eg godsaker i matbutikken i Charlottenberg. Nøttekompotten vil nok passe godt til eit par av desse ostane.  Viss ein då ikkje vil gjere som Gunda skriv ...

7 kommentarer:

  1. Mmm, ditta ser nydeleg ut.
    Sjøl er eg allergisk for neter og mandler, men ser at ilag med god ost må det vere fortreffeleg.

    SvarSlett
  2. Ein må berre endre på oppskrifter slik at ein toler/liker det! Nøttemarmeladen fall godt i smak med oss vaksne. Ungdomane er meir skeptiske.

    SvarSlett
  3. Viss ein toler peanøtter (som ikkje er ei nøtt, men ei belgfrukt) eller pinjekjerner kan nøttene byttast ut med det. Ja, noko av det eg lagar i denne boka er litt råflott, men smaken er deretter! :-) Og som du seier, enkelte ting er det bra å få brukt opp, det er dårleg økonomi å kaste utgåtte varer og.

    SvarSlett
  4. Etter Smalhans gjer det seg med luksus;-)
    Eg er nok meir i målgruppa for denne boka.
    Og så er desse små glasa med smakeporsjonar fine gåver.

    SvarSlett
  5. Elles så måtte eg nikke gjenkjennande til det Gunda skriv s. 42 om innkjøp. Eg veit ikkje kor mange gonger det har skjedd meg!

    SvarSlett
  6. Ostefat med div."marmeladar" er luksus-selskapskost for oss som likar det. Det er mykje godt å få kjøpt, men glasa er dyre.

    SvarSlett
  7. Ja, det er mykje å spare viss ein er glad i slike søte saker saman med ost. Dei ferdigglasa er kostbare. Også difor er dette ei kjærkoma og "smart" gåve. :-) Hehe, eg måtte slå opp og sjå kva eg skreiv på side 42. ;-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...