fredag 16. september 2011

Nest sist

 Eg bruker å seie atein set mest pris på dei første og dei siste plantane som blomstrar i hagen.  Men dei er ikkje så verst desse nest siste heller.  Solhatt har eg fått av ei venninne som har sådd dei frå frø.  Dei har blitt flytta til ein stad der dei får betre plass.
 Kva desse heiter, veit eg ikkje, men dei er og flytta.  Eg gler meg til eg får så mange av desse at eg kan plukke inn bukettar.
 Floks har eg i lilla og rosa.
Så kom det ei peacerose til på det siste eksemplaret dei hadde på plantasjen.

God helg til alle blogglesarane!  Eg håper at ingen av dykk trudde eg låg nest sist i dyttkonkurransen ...

2 kommentarer:

  1. Mangt som står og blømer no..
    Og så er det fare for nattefrost..

    Ta vare på minna om, enten det er det fyrste eller nestsiste, er viktig!
    God sprek helg :-)

    SvarSlett
  2. Takk for det - og det same til deg!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...