lørdag 2. april 2011

Today

Eg møtte tidleg i dag for å få sett nokre deigar eit par timar før resten av kursdeltakarane kom.  Kollegaen min frå Ulsteinvik laga dei søte deigane medan eg elta salt, gjær og oliven eller soltørka tomatar inn i dei salte deigane.  Morten sjølv laga surdeigar.  Desse deigane treng lengre hevingstid enn havre- og rugdeigane som vart laga seinare.

Kurset var svært interessant og lærerikt.  Eg får kome attende med fleire detaljar etter kvart.
Det der vert vel minst tre blogginnlegg var det ein som kommenterte då han såg baksten eg fekk med heim.  Ja, og blogglesarane skal ikkje sjå vekk frå at eg har blitt inspirert til meir baking framover!

2 kommentarer:

  1. så kjekt!
    Har lånt boka hans på bibloteket..
    Pizzadeigen hans står å hevar no ;-)

    -god kveld i stova eller kanskje kjøkkenet-

    SvarSlett
  2. Eg skal no innrømme at eg er ganske gåen ... No har vi kosa oss med brød med røykelaks og eggerøre.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...