lørdag 23. april 2011

Kylling i kokos og koriander

Dette er ein rett som i alle fall eg må handle inn til.  Det er ikkje slike ingrediensar eg nødvendigvis har i hus.  Derfor er det kanskje ikkje rette dagen å legge dagens middag ut på bloggen ...  Frisk koriander måtte eg på butikk nummer to etter.  Ein annan gong kuttar eg berre ut den friske korianderen om eg ikkje får tak i.

Oppskrifta fann eg på TV2 etter at eg hadde sett Mona Halvorsen reklamere for kokeboka si og lage denne retten.  Oppskrifta er til fire personar.  Eg laga dobbel porsjon i gryta mi.  Der ligg att mat til ein person til.  Då må det og seiast at kyllingfiletane mine var store.  Eg brukte ca 1 1/2 kg kyllingfilet og 5 kjempestore  sjampinjongar.


4 kyllingfiletar
1 fersk chili 
1 boks kokosmjølk
nokre sjampinjongar

3 ms søt chilisaus 

salt
pepar

I oppskrifta er der to ulike framgangsmåtar.  Eg steikte kyllingfileten i gryta og i ei steikepanne sidan det var så stor porsjon.

1. Varm ei steikepanne/gryte på middels varme.
2. Skjer kyllingfiletane i store bitar og steik dei nesten ferdige. Krydre med salt og pepar.
3. Ha i kokosmjølk, hakka chili (eg tok ut frøa), sopp, chilisaus og halvparten av korianderen.
4. Kok opp, senk temperaturen og lat retten trekke til kyllingen er gjennomkokt.
(Eg jamna retten med (2)1 ms maisenna utrørt i litt vatn.)
5. Dryss over koriander ved servering.

Server med ris og salat.

Retten fall godt i smak her i familien.  Mona sa den var barnevennleg, og det er eg eining i.  Den er søt og smakfull - og min vart ikkje sterk sidan eg tok ut frøa for å vere sikker. "Den funka godt".









1 potte fersk koriander 
3-5 sjampinjongar

2 kommentarer:

  1. Både kylling og svinekjøtt er veldig anvendelig sidan kjøttet i seg sjølv er ganske smaklaust. Eg meiner ein kan bruke dei to kjøttsortane om eitt anna. Ikkje lenge sidan eg laga "kyllinggryte" med svinefilet(som var på tilbud). Det gikk heilt fint.Skal prøve denne gryte, men det kan hende eg "forsterkar" den litt. Some like it hot!

    SvarSlett
  2. Gjer det! Eg ville lage den heilt etter oppskrifta med tanke på eventuell skulebruk.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...