mandag 4. april 2011

Kupp og kupongar

Det har vorte amerikanske tilstandar i daglegvarebransjen.  Dei fattige i Frustrerte fruer må vere heime og klippe kupongar, har eg lagt merke til.  For kvar kupong får ein eit lite avslag på vara, seier dei som har vore der.

I tillegg til kupp og "få attpå" får du no ein kupong i veka på Coop.  For at folk skal kjøpe fem, skriv dei at ein får kjøpe max 5.  Og vi bit på?  For eit par veker sidan kjøpte eg fem (hm...) øskjer med riven ost.  Og det skal sseiast at den har gitt både kyllingformer og fiskeformer eit løft.  Til vanleg er prisen ganske stiv. Men så har vi fått repetert at det er lurt med jarlsbergost både på pizza og anna.

Peanøttkupongen ligg i lommeboka.  Det går no an å kjøpe berre ein pakke eller to til å ha på vaniljeisen.  Eller skal ein kjøpe det til påskesnacks?  Og så var det solbærsirup?  Det trur eg at eg skal greie å stå over ...

1 kommentar:

  1. Slike kupongar har vi hatt lenge her, men eg har aldri brukt dei, for ttilbodet gjeld som regel "neste veke", og så langt fram i tid kan eg ikkje planlegge....Her går kupongane i omnen.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...