torsdag 14. april 2011

Ikkje krim til påske?

Onsdagane diskuterer dei litteratur på frukost-TV.  I går var det ein anmeldar frå Aftenposten som meinte at vi godt kunne lese noko anna enn krim i påska, så mykje krim som vi les elles.  Eg ser at Besta nettopp har lese ein av dei romanane ho anbefalte.

Eg derimot har vore på bytur og sikra meg påskekrim.  De kan vel tenke dykk kva bok eg kastar meg over først?

Eg kjøpte litt anna småtteri òg som sikkert kjem til å dukke opp på bloggen etter kvart.  Gjestene som dukkar opp skal få sjå litt nytt når dei kjem.

Mester Grønn har nok gode tilbod for å halde på kundane.  Det er fort gjort  å svippe seg inn på Plantasjen frå Ulsteinvik.  I dag hadde Mester Grønn stemorsblomster: 10 for 20 kr og eingreina orkidéar for 80.  Ingen grunn til handelslekkasje?

2 kommentarer:

  1. Åsa Larsson likar eg ganske godt. Dan Brown egnar seg ikkje spesielt godt for lydbok.Men ver klar over at du finn kart og andre "hjelpemiddel " til denne boka på nettet. Eg oppdaga det etter at eg hadde lese den. Om Staalesen har eg berre ein ting å seie: OK på lydbok.(Dei viste nyaste filmen om VV her, på første framsyning var det fullt, på andre var det 9 personar som møtte fram.)Trond Espen Seim kan ikkje ein gong snakke bergensdialekt.....!

    SvarSlett
  2. Staalesen er best på lydbok, ingen tvil! Tapte symbol vert ikkje lese med det første, trur eg.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...