lørdag 16. april 2011

Bok 18: Tredje i rekka

Då eg kom over denne boka som er den tredje av forfattaren, bestemte eg meg for å lese henne sjølv om eg var litt lei etter andre.

Også denne er med ein pensjonist og ein annan person som gåteløysar.   Der er ein mordbrann som tek oss med inn i svensk pornoindustri.  Der er ei anorektisk kvinne som har kontakt med alvar, eller ikkje, og som skriv bøker for mannen sin Max med det store egoet.  Bøkene har titlar som "Maximalt ..."  Akkurat det har eg sansen for.

Oppklaringa er som før, noko har vi gjetta på førehand, frampeika er på plass, og noko kjem overraskande.

Også denne boka er ein pageturner.  Men eg må innrømme at eg liker betre krimbøker med politietterforskarar eller detektivar.

3 kommentarer:

  1. Som du vel veit er ikkje dette MIN favorittforfattar, men eg les bøkene likevel og ser for meg Øland slik som det var den sommardagen vi køyrde over store delar av øya.Eg likar best natur-og miljøskildringane i Theorin sine bøker. No les eg Chelsea Cain-og ho er bra!Det kan vi vel vere enige om?

    SvarSlett
  2. Ja! Passeleg grotesk. Og så ser eg at Jussi Adler har kome med ei tredje bok. No kosar eg meg med Staalesen som har dikta opp ei øy ved sida av Byrknesøy. Ein miljøaktivist heiter Rørdal. Lasse Lindter spelar rollene når han les, noko eg vanlegvis ikkje liker, men her fungerer det flott!

    SvarSlett
  3. Ja, einaste grunnen eg finn for å "lese" om Varg Veum er LYDBØKENE. Og kjekt når han bevegar seg på kjende trakter. Ein gong køyrde han frå Bergen til Ålesund gjennom eit "landskap" som er rimelig godt kjent.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...