søndag 10. april 2011

Bakarbrød eller industribrød

 På kurset førre laurdag starta Morten Schakenda med å fortelje om sitt eige prosjekt.  Der kom han og inn på korleis eit godt brød skal lagast.  På 80-talet gjekk mange bakarar konkurs.  Dei vart utkonkurrerte av større bakeri.  Desse industribakarane bakar brød på to timar.

I Sunnmørsposten laurdag kunne vi lese om både storbakeriet på Blindheim og om Mylna i Volda der ein kan få kjøpt brød frå Lom.  Eg fekk lyst ein tur dit for å sjekke om dei har valsa rug.  Det skal nemleg vere i eit av brøda i bakeboka.

2 kommentarer:

  1. Må nok sjå inn om der neste gong eg er i Volda.

    SvarSlett
  2. Du er der nok oftare enn meg. Kjekt å ha eit ærend.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...