mandag 18. april 2011

Appelsinris

Finst det nokon meir typisk skulekjøkendessert enn appelsinris?  Men det er ingen ting i vegen for å lage det heime.  Det finst sikkert mange variantar av denne på nettet, men på min blogg vert det den heilt enkle oppskrifta.

(I dag brukte eg risrestar frå i går og ein pakke fløyte som går ut på dato i dag.   Så det vart ein resterett.)



1 dl grautris
4 appelsinar
2 ms sukker
1 pk kremfløyte


1. Kok risen.
   (Her bruker eg gjerne rikeleg med vatn.)
2. Slå gryna i ein mjølsikt og skyl dei under kaldt vatn.  Lat vatnet renne av.
3. Skrell appelsinane.  Del dei i båtar og skjer eller klipp båtane i bitar.
4. Bland appelsinar, sukker og ris.  Ta eventuelt av litt appelsin til pynt.
5. Pisk fløyten til krem.
6. Bland alt saman og ha appelsinrisen i ei skål.

2 kommentarer:

  1. Godt å verte minna på appelsinris - trur ikkje eg har ete det sidan tidleg på 70-talet.
    Rørte tyttebær eller tytebærsylte saman med fløyte eller fløytemjølk og ein risrest er også ein nydeleg dessert!

    SvarSlett
  2. Einig. Det og åt vi mykje av på 70- og 80-talet.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...