torsdag 12. september 2013

Aktiv dag

 I dag har vidaregåande vore på fjelltur og ungdomsskulen hatt idrettsdag. Veret har vore fint, lettskya og mildt.  Graset i hagen er litt høgt, så no får kaninane gjere jobben med å halde graset nede.  Vinteren vert vel lang nok for dei som sit i bur.

onsdag 11. september 2013

11. september

 I dag vert det berre ei lita hagevandring her på bloggen. Her er såkalla indianarsommar for tida.  Rhododendronen trur visst det er vår.
 Mor mi hugsar kanskje desse?  No har dei fått nytt liv i hagen.
 Den trufaste.
 Nokre sukkererter har vi hatt i år og.  Eg får ertefrø av far min.
 Stargazer, kjøpt i krukker i fjor.  Det gjeld vel å stelle pent med dei.
 Floksen kjem i rosa og lilla.
Enno er det eit par, tre sortar som ikkje har sprotte ut.  Framhald vil følgje.

tirsdag 10. september 2013

Bok 43: Inferno

Denne romanen kjøpte eg i papirutgåve til mannen.  Både han og jusstudenten  er fascinerte av historiene til Dan Brown.  Og eg kan forstå kvifor. Dette oppsummerer:

På omslaget:
"Inferno" er en unik cocktail av heseblesende underholdning og forrykende spenning. I hjertet av Italia trekkes ikonografen Robert Langdon inn i en spennende verden som sentreres rundt et av historiens mest fascinerende, mørke og mystiske mesterverk - Dantes "Inferno". Langdon settes opp mot en skremmende motstander og slåss med koder og symboler som fører ham dypt inn i klassisk kunst, hemmelige korridorer og avansert vitenskap. Gjennom en heftig jakt hvor det er umulig å fastslå hvem han kan stole på, sliter Langdon med å finne svar - før det er for sent, og verden blir ugjenkallelig forandret.

Mi meining:
Dette er ein roman for dei historieinteresserte. Romanane til Dan Brown er ikkje førstevalet mitt.  Men eg vert dradd inn i historia.  Eg vert til og med litt interessert i Dante sitt meisterverk og anna historie som vert presentert.  Temaet "overbefolkning" er interessant.   Og kriminalforteljinga vert spennande. Kven er ven og kven er fiende? Ein del moralske spørsmål vert stilte. Eg synest og at slutten hadde snert.

mandag 9. september 2013

Valstrikk

 I dag stakk eg innom TrådKråa på vegen til stemmelokalet.  Der stod det mange kasser med garn og mønster.  Eg var spent på om heftet som skulle kome ut i veke 37, var kome til butikken.  Det var det! Genseren som eg hadde lyst å strikke er den oppe til venstre.  Den er i Mitu, eit garn eg har blitt glad i å strikke.
 I heftet er der mange fine mønster til damer og menn. Eg ser ikkje vekk frå at eg kan finne på å strikke fleire frå dette heftet.
 Og tek eg ikkje feil, så er ein av modellane ein tidlegare elev?
De kan sjå alle mønstera på raumaull.no

Noko lang valnatt vert det ikkje på meg.  Eg slit framleis med forkjøling og nedsett yteevne.  Søvn er nok den beste medisin.

Om nokon av blogglesarane lurer på korleis det har gått med dei andre strikkeprosjekta mine, så kan eg love at dei vil kome på bloggen snart.  Det er berre knappane som står att.

søndag 8. september 2013

Raudt

 Heller ikkje i dag er eg i form.   I staden for å vakne i god form som eg hadde håpa på, vakna eg med hovudverk og tung kropp.  Det einaste eg har gjort i dag, er å lage tidleg middag.  Journalisten skulle dekke Hødd-kampen.
 Under mottoet "Det er alltid noko å feire" dekka eg eit bord.  Ein får nyte dei siste dagane med raudgrøn regjering - eller? Ein biverknad av å sitte i ein stol i fleire timar, er at nokon set på Nyheitskanalen. Eg veit ikkje kor mange gonger eg har høyrt at 71% trur at Erna skal bli statsminister.  Kor interessant er det?  Trur folk, eller fryktar dei? Det seier verken spørsmålet eller svaret noko om. Eg synest ho dumma seg totalt ut då ho snakka om dei 600 lærarane i går. Ho skulle hatt seg ein månad som klassestyrar for 30 elevar! Kanskje pipa hadde fått ein anna lyd! Eg ergrar meg over det negative synet dei har på lærarane i norsk skule.

Eg har heller ikkje gløymt sist Høgre skulle gjere skulen betre. Denne gongen får dei truleg FrP på laget.
Korleis eg enda opp med fire Arbeidarparti-roser, er ei historie for seg ...

Godt val! (Stem raudgrønt!)

lørdag 7. september 2013

Heimebaka tortillalefser med kylling- og grønsakfyll

 Denne veka har eg signert i nokre meldingsbøker, så då eg gjekk heim att i går, tenkte eg at ein får vere glad ein er frisk.  Det er typisk meg å få eit snev av noko.  I dag vakna eg med ei forkjøling. Eg vert gåen av å gå opp trappa. Ein tur nedover vart det, men elles tek eg det med ro.
 Frøkna og eg hadde planlagt å prøve ein rett frå den nye kokeboka for skulekjøkenet.  Der er to sider med tortillalefser og ulikt fyll.  På Prix kjøpte vi byggmjøl til lefsene.  Alternativet, som eg meinte måtte bli mykje betre, fann vil på innvandrarbutikken.  Eg trur vi betalte 34 kroner for 1 1/2 kg maismjøl. 

Frøkna laga grønsakfyllet medan eg laga lefsene. Oppskriftene vart dobla, og vi brukte fem store kyllingfiletar, ca 1 kg. Dette var akkurat passeleg til tre karar og to damer.
12 tortillalefser
1/2 dl rapsolje
2 dl vatn
3 dl maismjøl (byggmjøl)
ca 4 dl kveitemjøl, spar litt til utbaking
2 ts bakepulver
1/2 ts salt

1. Bland alle ingrediensane godt saman.
2. Lat deigen kvile 20 minutt under lik eller plast. (Dette punktet hoppa eg over.)
3. Del deigen i 12 emne.  Trill dei runde og trykk dei litt flate.  Lat dei kvile i 10 minutt.
4. Kjevl ut emna og steik dei i ei tørr steikepanne.  Snu dei når dei blæs seg opp.
5. Dei ferdigsteikte lefsene legg du oppå kvarandre med ein kjøkenhandduk rundt. Då held dei seg mjuke.


Kylling- og grønsakfyll
2 kyllingfiletar
2 ms olje
1 raud paprika
1 gul paprika
2 vårløkar/1/2 purreløk
1 båt kvitløk, finhakka
1/2 raud chili, finhakka
1/2 ts salt
1/2 ts malen spisskum

1. Skjer kyllingfiletane i strimlar og steik dei. Ta dei ut av steikepanna.
2. Skjer opp grønsakene.  Steik dei i 1 ms olje på middels varme i 3-4 minutt.
3. Ha kjøtet attende i steikepanna.  Lat det heile steike 2 minutt medan du saltar og krydrar.

Vi serverte heimelaga guacamole og tomatsalsa til.  Oppskriftene på det får kome ein annan gong når vi har nærbilde 

Det er sjølvsagt enkelt å kjøpe tortillalefser i butikken, og det kjem nok eg og til å gjere innimellom. Men heimelaga tortillalefser smakar mykje betre enn kjøpte!  Berre prøv!

fredag 6. september 2013

Et Rom Uten Utsikt - Trailer 1



Skulen vår hadde besøk av filmskaparen og av Silje som filmen handlar om.  Dette var ei sterk oppleving for elevar og lærarar. Det trengs både førebuing og etterarbeid.  Heile filmen ligg på YouTube, 

torsdag 5. september 2013

Dagens kulturoppleving



6. time i dag fekk vi ein flott konsert med Mhoo.  Dette er ein låt som er litt rolegare enn dei fleste vi fekk høyre.

onsdag 4. september 2013

Motivasjon er så mangt

Neste veke kjem det eit nytt hefte frå Rauma. Side 14 i heftet er det ein herregenser i Mitu som eg har fåttt lyst til å strikke til journalisten.  
Før den tid, skal kofta, eller jakka, bli ferdig.  Der er ein del monteringsarbeid, ikkje så reint lite heller.  Men eg er i gang. Plan for dagen er å få ferdig venstre stolpe , så eg kan begynne å strikke høgre med knapphol.  Eg har strikka saman jakka på skuldrene. Halsen kjem eg til å strikke rund.  Det fekk eg støtte til av svigerinna mi på Kongsberg. Ermane må syast pent i.  Dei skal ha rynker på toppen. Jakka skal nok bli fin, men det vert ei stund til eg strikkar noko så avansert igjen.

Det er litt meir motiverande å strikke seg plagg som ein kan ta i bruk med det same. Denne håper eg vert for varm i minst ein månad til ...
 

tirsdag 3. september 2013

Dagens ...

 ... tysdagstur vart avslutta ved posten.
Kanskje det er dette kruset som passar best til eigaren?

mandag 2. september 2013

Matboks?

I dag inviterte eg meg sjølv på middag i Ørsta.  Eg visste at systera mi skulle vere der.  Det vart ei triveleg stund med god mat og god prat.

På heimvegen stakk eg innom Amfi.  Eg hadde eit ærend, men det eg skulle ha, var ikkje å oppdrive.  I staden kika eg innom den nye Kitch'n.  Dert var det mykje fint.  Kvaliteten er god, og mykje er etter min smak.  Nokon handel der vart det ikkje i dag.

Claes Ohlson har vi heller ikkje her, så eg gjekk meg ein runde.  Der kom eg over ei ny oppfinning, ein matboks/ei eldfast form. Loket kan brukast i mikrobølgjeomn, då med open ventil.  Den er vel akkurat passeleg stor til ein middag til ein ung mann.

søndag 1. september 2013

Bok 42: Flink pike

Denne thrilleren startar med at Amy forsvinn på deira femte bryllaupsdag, papirbryllaupsdagen.  Ektemannen vert ganske snart mistenkt for mord.  Korleis kan ein elles forklare det vekkvaska blodet på kjøkengolvet?  Fleire andre bevis eller indisium peikar mot han.

Nick sitt liv utviklar seg til eit mareritt.  Det gjer det ikkje betre at han har ei ung elskerinne som han no bør skjule.

Men kvar er Amy? Ho som har vakse opp med å vere hovudpersonen i ei barnebok.

Mor mi far assosiasjonar til Fay Weldon, og det forstår eg.  Amy kjenner til elskarinna, og ho har lagt ein utspekulert plan.

Det er to eg-personar i romanen, nemleg Nick og Amy. I lydbokutgåva vert dei sjølvsagt lesne av ei kvinne og ein mann.  Det fungerer godt.  Romanen vert driven framover av at vi får avdekt lag på lag kva som skjer og har skjedd.  Og vi ser det frå to kantar. Sympatien svingar.

Eg likte romanen svært godt. Her er spenning til siste slutt, og der er mykje å godte seg over undervegs.





lørdag 31. august 2013

31.august

Det er ein trist dag på Sunnmøre i dag.  Den unge kvinna som ein hadde håp om å finne i live, vart funnen drepen i ettermiddag.  I 2013 skulle ein tru det er omtrent umogeleg å ikkje etterlate DNA.

Liljene over stod i potter utanfor døra i fjor.  Skulle eg hatt selskap denne helga, hadde eg tatt dei inn ...


fredag 30. august 2013

Fredagssveler

Mannen i huset ymta frampå om at den gongen han var student i Volda, steikte mor hans vaflar eller sveler fredagagane. Voldastudenten heiv seg straks på den.  Han ønskjer seg sveler kvar fredag.

I fleire år var det ganske fast vaflar i heimen fredagane.  Det var det Asgeir på barne-tv som inspirerte til.  Eg synest og det var praktisk å sleppe smular når ein hadde vaska til helga.

I dag kom eg heim til nyvaska golv og ferdig middag.  Då synest eg ikkje det var noko ork å lage sveler ...

Om eg har freista nokre blogglesarar, så finn de oppskrifta her.

torsdag 29. august 2013

Skvåsjsuppe

 Eg som trudde det skulle bli skvåsjmangel i heimen denne hausten, må no lage alle dei skvåsjrettar eg kan.  Gunda si suppe med kikerter har vi laga fleire gonger.  Men når ein har rikeleg med skvåsj, kan ein lage suppe berre med løk, kvitløk, litt stilkselleri og rikeleg med skvåsj.  Eg brukte denne oppskrifta som utgangspunkt. Grønsakbuljong set god smak i tillegg til litt timian, frisk frå hagen denne gongen. Eg hadde litt sitron i, for ho vart ganske søt.
Ver forsiktig med vatnet.  Det bør ikkje dekke skvåsjen.  Han inneheld rikeleg med vatn.

Familien likte godt suppa.

onsdag 28. august 2013

Premie - til meg?

Eg har svart på ei mengd marknadsundersøkingar.  Ein samlar seg opp poeng.  Det kan vere 6, 8 eller 12 poeng for ei undersøking.  For dette kan ein ta seg ut premiar.  Ein treng ikkje tenke lenge før ein forstår at det tek si tid å samle opp 190 poeng. Ein av premiane er Mummikrus. Sjølv har eg nok av det meste, og sidan frøkna har forelska seg i desse, passar det godt at ho får dei.  Kruset over er 2013-kruset. 

Eg har stor sans for Mummiforteljingane.  Favoritten er kanskje "Det usynlege barnet" som vert meir synleg dess meir ho "meiner". Elles hugsar eg godt han som gøymde seg då Hufsa kom.

tirsdag 27. august 2013

Tysdag og tur

Det er små endringar i naturen frå veke til veke.  I dag kunne vi gå over demninga.  Nokre lauv har blitt gule. Litt mørkare enn førre veke.


mandag 26. august 2013

Bok 41: Leve posthornet

Frå coveret:
Jeg lengtet etter sammenbruddet. Å gi meg over til det og bli kjørt bort til et stille og kjølig sted, langt borte, et langsomt sted. Ellinor, en kommunikasjonsrågiver i tredveårene, kjenner at det ikke er nok alvor og inderlighet i tilværelsen. At livet hennes er for banalt for fortvilelsen hun føler. Da en kollega forsvinner, må hun overta jobben fra Postkom som han sto midt oppe i. Ved å lære de postansatte om media, makt og politikk skal hun bistå dem i arbeidet mot innføringen av EUs tredje postdirektiv. Vi følger livet hennes gjennom et halvår fram til Arbeiderpartiets landsmøte i april 2011.

For å finne meining med livet fer Ellinor til Finnmark for å nøste opp i ei historie ho fekk nyss om i eit heller mislykka møte med dei posttilsette. Eller var det så mislykka? Kva kom ut av møtet? Ellinor lurer og på om forholdet til kjærasten er godt nok. Kva kan brev gjere for eit forhold?

Eg har sansen for Vigdis Hjort sine romanar.  Ho ser menneske med eit skrått blikk.  Og ho stiller viktige spørsmål.  Dette er ei lita bok, knappe 5 timar i MP3-utgåve.  Det er kjekt å kose seg med noko anna enn krim!

søndag 25. august 2013

Ferdigfeira

I går tromma eg saman nokre vener og naboar, dei er sjølvsagt også gode vener, til ei forseinka femtiårsfeiring, den siste i rekka. No har alle kome heim frå ferie. Eg kosa meg med å lage mat og dekke bord så å seie heile dagen, berre med små pausar.  Det vart lammegryte, spekemat og røykelaks.  Ostefatet fekk stå til kaffien. Fotoapparatet kom eg ikkje på å ta fram. Men før kaffien fekk eg beskjed om å stille opp.  Kakene fekk eg av flinke venninner.

Vi var svært heldige med veret.  Utekonserten under linda kunne haldast.  Den hadde ikkje vorte mogeleg i slikt ver som det var tidlegare i veka.

Eg får berre takke gjestene for hyggeleg selskap! Og takk til alle bidrag i ulik form!

fredag 23. august 2013

Flott dag på fjellet

I dag sykla vi først til Ulset der vi sette frå oss syklane og tok beina fatt.
 Baktroppen fekk ikkje sette seg ned, men vart opmoda om å gå sakte.  Dei kom seg opp og fekk seg matpause.  Her ser vi bygda Hareid frå Melshornet.
 Utsikt mot byen Ulsteinvik.  Der er det eit fantastisk flott, ope landskap.
Eit artig fenomen der sola lyser slik at ein ser ei svart stripe framom flyet.
 Denne plata viser i kva for retning dei ulike toppane ein kan sjå frå Melshornet er.
Og elles kan ein sjå ...

torsdag 22. august 2013

Avslørande!

(Men det er no heilt frivillig om ein vil legge det ut for heile verda!)

Denne gongen såg eg berre dei øvste tilboda.  Sommaren røper seg.  Eg tenkte eg fekk skulde på huspassarane som levde på bacon og egg. Sanninga er at vi nok har steikt enn del bacon både til blandaballj og pannekaker.  Eg kjøper gjerne billeg og er raus med mengda.  Egg har gått med til både steiking, koking og baking. Til karamellpudding kjøper eg solegg med ekstra gul plomme.  Men kosa oss, det har vi, som de ser ...

I dag har det skine opp her, og vi kan gle oss til sykkeltur og fjelltur i morgon.  Mannen har pumpa opp frøkna sin sykkel som har nokre fleire gir enn den eg har arva etter mor mi.  Det trur eg vert ein fordel i slakke oppoverbakkar. Så får eg håpe at eg finn bakbremsa når eg skal ned att.

Så kjem det store spørsmålet: Korleis motivere baktroppen!  Eg prøver å nekte dei å sette seg ned for kvart femte minutt.  Gå med små steg heller enn å sette seg ned, vert refrenget.  Siste påfunn er "sprekare enn ein femtiåring" - det bør faktisk friske fjortisar vere!


onsdag 21. august 2013

Hagen i dag

 Timane på jobb og etter jobb går fort for tida. Som eit lite livsteikn, kan eg ta blogglesarane med meg ut i hagen.  Det er så mørkt at blitzen slår inn.

I utgangspunktet synest eg det er lite som blomstrar for tida.  Bedet bort mot eine naboen er heilt grønt.  Det får eg gjere noko med.  Det er sjølvsagt fargerikt om våren.
 Denne planten vart omtrent oppeten der han stod i fjor.  Eg flytta han rett før solveka her i år.  Eg bøtta på med vatn, så det gjekk heldigvis godt.
 Hovudmistenkt!
 Sjølv om eg berre har to skvåsjplantar i år, så har vi rikeleg med skvåsj.  Plantane og skvåsjane er så robuste, trur eg.  Og det er færre sniglar i år.
Buskane som vi fekk av systera mi for to år sidan, har vakse litt, men dei har ikkje blomstra til no. Dei andre buskane og snøbærhekken har mange visne greiner etter den harde vinteren.

Viss eg skal kjøpe noko nytt til hagen til våren, må det bli roser og haustblomstrande staudar.

tirsdag 20. august 2013

Tysdagar

For ein lærar er timeplanen ny kvart år.  Timane fordeler seg ulikt utover i veka.  I år vert nok tysdagane dei heftigaste for meg.  Eg er seks timar på skulekjøkenet.  Det er travelt, men kjekt.  Så er det 1 1/2 time møte.  Slike dagar gjer det ekstra godt med ein trimtur der ein kan få lufta vitet!

mandag 19. august 2013

Knekkebrød

Eg har ikkje hive meg på knekkebrødbølgja enno.  Til det er eg for glad i mjukt brød.  Men så fann vi denne oppskrifta i den nye kokeboka, og frøkna ordna ut før ho for på trening.  Eg tok meg berre av steikinga. Knekkebrøda vart sprø og gode.  Eg ser ikkje vekk ifrå at dei kan bli ein klassikar på skulekjøkenet. Viss ein deler dei i mindre bitar, kan dei sikkert brukast som kjeks.
2 dl sammalen kveite, grov
2 dl havregryn (vi brukte små)
1 dl solsikkekjernar
1/2 dl sesamfrø
1/2 dl linfrø
1/2 ts salt
3 1/2 dl vatn

1. Set steikeomnen på 160 grader.
2. Bland saman alle ingrediensane
 3. Fordel blandinga jamn utover eit bakepapirkledd steikebrett.
4. Steik i 10 minutt.
5. Ta ut brettet og skjer i høvelege ruter.
6. Steik vidare i ca 1 time, til knekkebrøda er sprøe.
7. Avkjøl på bakerist.
8. Oppbevar knekkebrøda i ein tett boks eller i eit Noregsglas til dømes.

Våre knekkebrød vart sprø og gode.  Om dine ikkje vert det, bryt du dei frå kvarandre og legg dei utover steikebrettet.  St omnen på 100 grader og set steikeomnsdøra på gløtt.  Eg bruker å sette ei tresleiv i døra når eg tørkar brød til kavring.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...