På barneskulen lærte vi at november var trist og grå, men moro likevel. Hausten 2015 kjem nok til å gå inn i historia som mild og fin. I går var det elleve grader då eg gjekk ut og tok bilde. Bonicarosene blomstrar enno.
Desse veit eg ikkje kva dei heiter. I år kom dei seint i blomst.
Haustfloks.
OktoberbergknappSnøbærhekken har bær, men blada dett gradvis av.
Førre laurdag heiv eg hengeplantane. dei har fått eit nytt liv som komposthaugpynt.
Sidan haustferien har vi hatt snikkar i hus. No har vi ikkje open planløysing mellom etasjane lenger. Eg måtte tøme kjøkenskåpa for at det ikkje skulle klirre i fat og glas. Tinga har stått på "nyestova" og samla støv. No flyttar eg dei attende etter at dei er vaska. Litt omorganisering vert det og.
I går brukte eg fire bøtter med grønsåpevatn for å fa golva reine! Dei har vore delvis dekte med papp. No står badet nede att. Eg treng vel ikkje seie at eg gler meg til å få to bad att! Om eit par år står kjøkenet for tur.
PS.
Dette blogginnlegget skulle eg skrive i går, men nettet driv og dett ut og inn.









