I går sat eg i godstolen og kvilte meg då alt plutseleg var svart. Huset vårt mangla straum medan naboane hadde. Mannen vart kommandert ned i sikringsskåpet. Der hadde jordfeilbrytaren slått seg av. Hovudmistanken gjekk til varmepumpa. Men den var det ikkje. Ikkje var det datamaskina eller fjernsynet heller. Då stilte eg meg opp ved sikringsskåpet medan mannen drog ut kontakter. Det viste seg fort å vere den gamle fysaren frå slutten av 80-talet ein gong som var syndaren.
Er det berre eg som vert glad når ting sluttar å virke? Eg har lenge hatt lyst på eit fryseskåp, men i tillegg til to frysarar har det vore litt overdrive! I føremiddag stakk eg innom butikken og bestilte meg eit. Eg valde det største - heldigvis. Far min åtvara på førehand om at der er mindre plass, og det stemte sjølv om eg trur literkapasiteten er den same.
No har eg rydda og vaska og fått nesten alt i skåp. Unntaket er nokre kilo plommer som no står på kok. Plommesylte går unna her i huset.
I skåpet er det no god oversikt. Blogglesarane lurer kanskje på kva dei ser på bildet! Ein frys isbitar oppe, så vrir ein rundt. Då skal dei ramle ned i skuffa under.
onsdag 19. november 2014
mandag 17. november 2014
Bok 56: Og fjellene ga gjenlyd
Afghanistan, 1952. Abdullah og søsteren Pari bor sammen med faren,
Saboor, og stemoren i den lille landsbyen Shadbagh. Saboor er
arbeidsledig, og familien lever i fattigdom. Søsknene legger en dag ut
på en reise til Kabul sammen med faren, lykkelig uvitende om skjebnen
som venter dem.
Og fjellene ga gjenlyd spenner over generasjoner og kontinenter, fra Kabul til Paris, fra San Francisco til den greske øya Tinos. Med sin umiskjennelige sans for visdom, dybde og innsikt skriver Khaled Hosseini om mellommenneskelige forhold, det som definerer vårt liv, hvordan valgene vi tar gir gjenklang i fremtidige generasjoner og hvordan vi ofte blir overrasket av dem som står oss nærmest.
Eg las Drageløperen med stor interesse i si tid. Denne romanen får eg aldri taket på. Han spenner vidt i tid. Det vert mange personar og historier å halde greie på. Eg har brukt relativt lang tid på å lese boka, kanskje nettopp fordi eg ikkje har hatt nok interesse av henne til å sette av tid. Som lesar hadde eg problem med å halde fokus. Kanskje forfattaren skulle gjort det?
Blogglesarane får gjere seg opp si eiga meining!

søndag 16. november 2014
16. november
I dag rakk forfattaren å kome heim frå hovudstaden før mellomstemann reiste attende etter perm. Så fekk vi samle alle, berre ikkje yngstemann. Han kjem heim på juleferie om knappe fire veker.
Tida flyg. Førre veke baka vi lefser saman med besteforeldre. Eg trur to rekordar vart sette. Ein dag møtte tre bestefedre fram! Den andre rekorden? Eg plar seie at bestemødrene vert yngre for kvart år. I år kom det ei som var eitt år yngre enn meg ... Komande tysdag inviterer niande steg til besteforeldrefest. Det er alltid kjekt.

lørdag 15. november 2014
Feiring av far!
I dag har dei som kunne, vore samla i Ørsta for å feire far min ein dag på etterskot. Tradisjonen tru serverte mor mi julemiddag, altså pinnekjøt. Til kaffien hadde ho laga mange gode kaker. På bildet er han saman med tre av dei åtte gutane han er bestefar til. Eldstemann kom litt ut på dagen. Blogglesarane finn fleire bilde på dei andre bloggane!
Eg er litt årstidforvirra om dagen. Som de ser kunne mor mi plukke inn lilla klematis frå hagen. Tek ein seg ein tur inn i ein butikk, er der pynta til jul!
fredag 14. november 2014
Gratulerer!
I dag fyller far min 78 år. Vi gratulerer! I dette høvet har vi funne fram eit bilde som må vere omlag 11år gamalt? I morgon skal vi feire han i Ørsta. det gler vi oss til!
mandag 10. november 2014
Fornying frydar
I dag kjøpte eg meg den årlege nye steikepanna. Coop hadde kupp på 299. Etter å ha eigd både dyre og rimelege variantar, har eg kome fra til at dei varer omtrent like lenge. No skal Jamie Oliver sin variant utprøvast.
Så får ein koke seg ein kopp te og drøyme seg "over there". Koppen har eg fått av ei venninne som nettopp har kome heim frå New York, Washington og New Orleans. Time will tell ...
Så får ein koke seg ein kopp te og drøyme seg "over there". Koppen har eg fått av ei venninne som nettopp har kome heim frå New York, Washington og New Orleans. Time will tell ...
søndag 9. november 2014
Farsdag 2014
Farsdagsfeiringa her i dag har vore heller enkel. Sidan vi hadde folk her i går, vart det servert restar, ikkje at det var simpel mat. Bigset skulekorps arrangerer messe ein gong i året. Vi var der for å høyre song og musikk. Der er innslag frå scenen i gymsalen fordelt utover dagen. Litt småtteri vart no med heim og. I tillegg til lokale utstillarar, er der nokre tilreisande med mellom anna spekemat, julepålegg, honning og syltetøy.
Tysdag ventar vi mellomstemann heim på perm. Han vert heime slik at han kan vere med å feire min eigen far, som har gebursdag til helga. Det gler vi oss til!
Tysdag ventar vi mellomstemann heim på perm. Han vert heime slik at han kan vere med å feire min eigen far, som har gebursdag til helga. Det gler vi oss til!
fredag 7. november 2014
Nytt prosjekt
Då eg strikka på tjukke pinnar, måtte eg ta meg ei veke pause. Høgre skuldera mi toler ikkje all verda. Så no har eg tatt fram tynne pinnar og gitt meg i kast med mønsterstrikk. Når eg strikkar mønster, kastar eg med venstre hand. Det har eg alltid gjort. dermed vert høgrehanda meir avslappa.
Eigentleg ville eg begynt på eit omtrent monteringsfritt plagg. No har eg gjort det stikk motsette! Her skal det klippast opp og leggast opp masker både framme, nede og på skuldrene. Finull er eit garn der plagga berre vert finare med bruk, synest eg.

torsdag 6. november 2014
Bok 55: Frost
Denne romanen har eg hatt liggande ei stund. Etter å ha lese "De usynlige" av same forfattar, fann eg fram att "Frost". Romanen tek oss attende til Island, Noreg og delar av Storbritannia rundt år 1000. Vi følgjer Gest som må røme frå Island etter å ha drepe ein høvding.
Romanen er interessant med tanke på å lære noko om vikingtida. Meg fengde han ikkje heilt. Men eg ser at romanen har vore nominert til Nordisk råds litteraturpris, og at han får gode omtalar.
Romanen er interessant med tanke på å lære noko om vikingtida. Meg fengde han ikkje heilt. Men eg ser at romanen har vore nominert til Nordisk råds litteraturpris, og at han får gode omtalar.
onsdag 5. november 2014
Skappeljakka 1
No kan eg endeleg vise fram Skappeljakka eg har strikka til Olaug. Ho er godt nøgd med henne, og kunne tenke seg fleire modellar frå boka. Med litt hjelp, vil ho greie det sjølv, meiner eg. Garnet er Mini Alpakka frå Sandnes og Fearytale.
Elles får eg litt hjelp til å mekke på denne sida, så her kan bli små endringar. Men alle skal få vere på blogglista! No er det avgrensa til 25, så dei som har slutta å blogge, vil berre kome innatt om dei startar opp att.

tirsdag 4. november 2014
Månelyst
I dag lyste månen opp vegen på bortsida av vatnet. Fem grader og vind gjorde det til ein frisk tur!
Mobilkameraet greidde ikkje betre ...
Mobilkameraet greidde ikkje betre ...
mandag 3. november 2014
Når favoritten forsvinn ...
Eg har ein favorittmüsli. Siste månaden har han ikkje vore i butikkhyllene i bygda. Eg har etterlyst han utan respons. I dag tok eg meg endeleg ein bytur. Blogglesarane har kanskje merka at det er lenge sidan eg har tatt dei vanlege byturane på måndagane. Det skuldast rett og slett at eg har kome så seint heim frå jobb. Så lenge sidan var det at eg rota meg litt vekk i trafikken. Så fekk eg sjå ei halvvegs ferdig ny rundkøyring. Bilen vart parkert i gangavstand til Mega. Der hadde dei oransje pakkar med Coop müsli! Då er han framleis i handelen. I framtida håper eg han dukkar opp i hyllene på Coop Extra med godt utval og låge prisar! I mellomtida et eg den greske yoghurten med litt fruktyoghurt og müsli.
søndag 2. november 2014
Montering må til!
I dag har eg sydd i ermane på studenten sin genser. Oppskrifta er frå pt design sitt siste herrehefte. På pinnar nummer 8 var den rask å strikke, men eg merkar at så store rørsler er tyngre for skuldrene enn å strikke på pinnar nummer 3.
Garnet er naturkvit Mitu og grå og naturkvit Puno. Genseren er mjuk og lett. Yngstemann ville ha ein smal modell. Eg meiner genseren må bli fin til vinteren når han sit på førelesingar.
Garnet er naturkvit Mitu og grå og naturkvit Puno. Genseren er mjuk og lett. Yngstemann ville ha ein smal modell. Eg meiner genseren må bli fin til vinteren når han sit på førelesingar.
lørdag 1. november 2014
1. november
I dag har eg vaska hus og laga blandabalj. Ein biverknad av eit sjukehusbesøk, var at eg fekk frakta fisk utover. Målet for dagen var å lage så mykje blandabalj at eg har til ein middag i veka fram mot jul. I morgon er planen å lage fiskekaker til tilsvarande mange måltid.
Men ein tur på folkebiblioteket tok eg meg tid til. Der fann eg meg nokre bøker i dag og. Berre eg no greier å kome meg gjennom den eg held på med. Det går mildt sagt treigt.
Det skal visst vere handlefri dag i dag, men eg måtte prøvekøyre bankkortet før eg oppsøker enkelte butikkar i bygda. Med kontantar i reserve og nedskriven kode, følte eg meg trygg på at det skulle gå bra. Og det gjorde det. Blogglesarane skal snart få sjå både det nye og dei snart ferdige handarbeidsprosjekta mine. Det eine er rett nok frøkna sitt.
Etter ein kjølig og klår oktoberdag i går, vakna vi til 17 grader og regn i dag. Ein kan håpe på ein fin november!

fredag 31. oktober 2014
Jernteppe
Det har hendt meg ein gong før, og det var for mange år sidan. Ei eller anna feilkopling skjer i hovudet når eg skal slå inn bankkortkoden min. I går stod eg i ein butikk og tasta inn det eg trudde var koden to gonger. Ho som skulle ha pengane åtvara meg mot å gjere feil ein tredje gong. Eg køyrde heim og lånte kortet til frøkna.
Vel heime dukka koden opp i hovudet. Det er den same som eg bruker på bankkalkulatoren, så frøkna fekk att pengane sine - og eg sjelefreden. Koden skreiv eg ned på ein lapp som eg kunne ta med neste gong eg handla, tenkte eg. Men i dag hadde eg gløymt heile problemet før eg stod i ein butikk og tasta feil på nytt. Etter to feilinntastingar, for eg heim att etter lappen. Men då var det slutt. Kortet vart sperra. Det var berre å køyre heim etter eit anna kort.Etter denne seansen var eg temmeleg oppgitt over meg sjølv. Eg tenkte tilbake på då eg stod på Nordea på Karl Johan i kø og fekk ordna opplåsing av kortet. Ein får berre å slappe av og teste kundesørvisen. Den var det ikkje noko å seie på. Etter nokre tastetrykk fekk eg høyre at eg var fordelskunde og skulle bli prioritert i køen. Ei hyggeleg stemme svarte med ein gong. Kortet er no opna, og eg har ein sjanse til å taste rett. Ville eg ha ny kode, måtte eg vente.
Koden min har, etter råd frå banken, aldri vore nedskriven nokon stad. Alt eg kjøper vert betalt med kort. Men no har to tal bytt plass i hovudet mitt.
I morgon skal eg legge litt pengar i lommeboka før eg kjøper noko lite. Og frå no skal ikkje koden vere langt vekke, for dei to tala vil stadig spele meg eit puss.
God helg!
P.S
Bilda er tekne med mobiltelefon ca 7.45 i dag tidleg. Det er kjekt å kunne gå på jobb!
tirsdag 28. oktober 2014
Tatt av SSR
Ein må vel berre innsjå at denne har gjort sin misjon. Ein gong på syttitalet vart kassetthaldaren kjøpt for oppsparte midlar, og nyttegjenstanden pynta opp på rommet mitt. No har vi ikkje noko å spele av verken kassettar eller videokassettar på.
(SSR = Søre Sunnmøre Reinhaldsverk)
(SSR = Søre Sunnmøre Reinhaldsverk)
mandag 27. oktober 2014
Samvirkelag
På eit godt gamaldags samvirkeleg, eller Coop Extra, får ein kjøpt omtrent alt ein treng. I dag kom eg heim frå jobb rett før stengetida til butikkane i bygda. Pæra, eller rettare sagt lysrøret, i leselampen min hadde gått. Det hadde vorte ein mørk kveld med avislesing på I-paden om ikkje dei hadde hatt lysrør på coop. No kan eg strikke nokre masker medan eg ser på krim på NRK.
Elles var det ta to for 30 kroner på Nortug-produkt denne veka, som de kanskje ser ut i frå bildet.
I går fylte bror min 50 år. Eg hadde tenkt at Hawaiirosa eg fekk av han skulle blomstre på dagen! Ein dag på etterskot slo ho til!

lørdag 25. oktober 2014
Lesestoff
Denne helga slapp eg litt billeg med omsyn til husvask. Frøkna jobba heime for Operasjon Etiopia i går. Så eg gjekk meg ein tur på biblioteket før eg retta ein bunke engelskprøver.
No har eg begynt på "Frost" av Roy Jacobsen. Eg har lytta om att fleire gonger parti på den første CD-en. Det er mange namn og hendingar, og det er like før eg legg han til side. Så er det ei lita stemme i bakhovudet som seier det same som eg seier til elevane mine om å ikkje gi opp ei bok for tidleg.
Elles har eg no planar om å lese Is-slottet. Då eg såg operaen, bestemte eg meg for å lese om att denne romanen eg las i 20-årsalderen og ikkje likte noko særleg.
Eg rota meg bort i ein diskusjon på Facebook om Hellemyrsfolket av Amalie Skram. Sjølv meiner eg at det ho skreiv også er interessant i vår tid. Nokre tema er framleis aktuelle. All litteratur må forståast ut i frå samtida. Det er ei ærleg sak å seie at ein roman ikkje fell i smak. Men å kritisere språket, vert for dumt. Ein kan ikkje forvente eit lett språk i litteratur som er over 100 år gamal.
Lydbøker er ein stor fordel når ein finn språket vanskeleg. Lydbokforlaget vel opplesarar som har ein dialekt som kler dei ulike bøkene.

fredag 24. oktober 2014
Bok 54: Jeg har et teppe i tusen farger
I denne romanen har Anne B. Ragde nøsta i livet til mor si. Ho skildrar forholdet til mor si med humor og varme. Ikkje alt er like lett å ta opp, og måten ho skildrar det på, gjer dette til ei svært sterk og gripande bok.
Mor hennar var dansk. Ho gifta seg i Noreg og fekk to born. Så vert ho forlatt av ektemannen og bryt saman. Korleis ho reiser seg og tek seg av hus og heim ved å jobbe i eit typisk mannsyrke, er interessant lesnad. Då Anne seinare vert åleine og kunne trenge hjelp med sonen, seier ho at no vil ho leve slik ho sjølv har ønska, og så flyttar ho til Oslo. Forfattaren må sidan gå i seg sjølv og sin eigen egoisme, som då ho let mora koste det første bryllaupet hennar.
Forfattaren får og sett fingeren på manglar i det norske helsesystemet. Då mora er på sjukeheim etter å ha tatt cellegift, handlar dei inn og lagar til det ho har mest lyst å ete. Det er mora svært takknemleg for. Denne lesaren tenker i alle fall at det er det kokken er der for?
Ordtaket "Nød lærer nøgen kvinde at spinde" vil høve for delar av romanen. Ein begynner å tenke på kva det er å vere fattig? Anne vert rik. Ho og mora reiser utanlands, også når mora er for sjuk.
Dette er ein roman som gjer noko med ein. Eg trur folk på min alder og eldre vil like romanen svært godt. Yngre lesarar har ikkje levd i tida, men kan likevel godt leve seg inn i romanen.

onsdag 22. oktober 2014
Gøy på jobben!
Denne veka er ei nokså normal skuleveke. Litt moro må ein ha, og nokre har starta ein ny tradisjon med tombola til inntekt for TV-aksjonen. Vi har med oss gevinstar, og så rullar vi lodd. Som de ser, valde eg meg gevinstar med ein viss fasong - sidan eg har kjøpestopp på serviettar.
mandag 20. oktober 2014
Bok 53: De usynlige
DE USYNLIGE er en roman om forholdet mellom menneske og natur.
Handlingen er lagt til en liten øy helt ytterst i havgapet på
Helgelandskysten. Den er en kilometer den ene veien og en halv kilometer
den andre. Det er en av de vakreste og grønneste øyene langs denne
perleraden av en kyst, men det er det bare den lille familien som bor
der som vet.
Vi følger dem fra 1913 til 1928, i tett samspill med naturen, i et
beinhardt slit for å overleve, men også i sann glede over at de får bo
på akkurat denne øya. Personene beskrives gjennom arbeidet de gjør med
jorda og sjøen i en rik og presis prosa, og øya stiger fram med sine
steingjerder, hager, båter, fiskehjeller, soverom mot nord og sør og det
lille kjøkkenet med ovnen.
Hovedpersonen Ingrid er tre år da romanen starter. Faren er redd det er
noe med henne, det ligger i familien, og hun ler jo så mye? Han har
allerede problemer nok med sin egen søster Barbro, som han gjør
gjentatte forsøk på å sende bort. Når han reiser på Lofotfiske, må
kvinner og barn klare seg som best de kan. Det barske livet på en utsatt
øy krever sitt, og setter Ingrid og de andre på harde prøver. Roy
Jacobsen har med denne romanen gitt oss en rørende og sterk skildring av
det norske kystproletariatet. Og en tankevekkende demonstrasjon av
kunnskap og ferdigheter som folk her i landet hadde for bare et par
generasjoner siden, og som nå er i ferd med å gå tapt.
Av og til kjem ein over romanar som eg plar kalle perler. Dette er ein slik roman. Skildringane av naturen og folket er nydelege. Språket er svært godt. Det er noko "Hamsunsk" over det. Her klorar folk seg fast og lever i pakt med naturen som i Markens grøde. Opplesaren les på ei dialekt som høver til miljøet.
Denne romanen vil eg verkeleg anbefale! Og for skeptikarar til lydbøker: Gi Nils Johnson ein sjanse til å lese boka for deg!

søndag 19. oktober 2014
19. oktober 2014
Dagen starta med nydeleg haustver. Eg gjekk rundt vatnet medan eg lytta til Anne B. Ragde sin siste roman. Eg hadde bestemt meg for å ikkje bruke så mykje tid på matlaging i dag. På facebook i går dukka denne gryteretten opp i ein heim. Han fekk eg lyst å prøve. I går handla eg ingrediensane.
Eg kokte nok retten dobbelt så lenge som i oppskrifta. Eine boksen med tomatar hadde eg opp i panna då eg sette på mandelpotetene som eg serverte til. Elles tok eg av noko av krafta og jamna med maisenna.
Familien likte godt maten. Til dessert/kveldsmat vart det vaflar. Dei som har lese "Jeg har et teppe i tusen farger", forstår kanskje kvifor ...
Sjølv om det har vore nattefrost denne veka, var der nok blomster til ein bukett i dag og.

lørdag 18. oktober 2014
Gladmelding ...
... til alle som er glade i pudding!
I dag oppdaga eg tilfeldig at det hadde kome sagogryn tilbake i butikkhylla! I kassa fekk eg høyre at det var populært, for mange hadde kjøpt! Sjølv har eg eit lite lager, så denne pakken er plassert bak dei andre!

onsdag 15. oktober 2014
Bok 52: Brudekisten
Cato Isaksen og Marian Dahle må dypt ned i kjellergangen på Gaustad sykehus for å finne en morder - og forhindre et drap.
Brudekisten er tittelen på Unni Lindell sin 10. bok om Cato Isaksen.
"Vi kan vente oss en klassisk Lindell-historie der samfunnsdebatten eller samfunnskritikken ligger og vaker like under skorpen av den intense spenningen i krimhistorien. Unni Lindell har en egen evne til å kunne gå inn bak historien, og fortelle om menneskene og ofrene som kommer i kjølvannet av et system som ikke fungerer slik det skal. Det er bare å glede seg" skriver Geir Tangen på BOK365.no.
Tolv år gamle Maike Hagg, datteren til en psykiatrisk pasient, døde i kjelleren på Gaustad sykehus i Oslo i 1988. Politiet konkluderte med at det var en ulykke, at jenta falt fra en gardintrapp og slo hodet i steingulvet.
Emmy Hammer og Aud Johnsen møtes tjuefem år senere for å snakke om det som egentlig skjedde med venninnen den gangen. Foreldelsesfristen for drap nærmer seg. Møtet blir farlig; angst og hat trigger en kaldblodig morder fram fra skyggene. En kvinne blir drept, den andre jaget. Cato Isaksen og Marian Dahle får saken.
Miljøet på det psykiatriske sykehuset trer sakte fram. Psykiatrien ble politisk endret på nittitallet; alle skulle ut i samfunnet igjen. De slottsaktige bygningene på Gaustad ble tømt. Men én flyttet aldri ut.
Den tida eg hadde små born og las lite, fekk eg likevel med meg alle romanane til Unni Lindell om Cato Isaksen. Eg har vore stor fan! Denne romanen synest eg ikkje toppa dei førre. Kanskje det var miljøet? Eller vart det litt for lite privatliv, eller var det som var for kjedeleg?
Eg vil seie at romanen er heilt grei, men manglar denne X-faktoren som gjer at ein ikkje kan løegge han frå seg. Løysinga var kanskje for opplagt?

tirsdag 14. oktober 2014
Balljegòve
I dag har mannen underhalde på mållaget si balljegòve. Eg har hjelpt til med servering. Det har vore ein artig kveld med sketsjar, korsong og gode historier.
Øystein fekk ein Ivar Aasen-boksarshorts. Ein kan no lure på kva Ivar Aasen sjølv hadde til undertøy. Eg vil tippe han brukte litt lange underbrelle, eit ord eg lærte av ei skulevenninne og som har vorte teke fram att av Side Brok.

mandag 13. oktober 2014
Strikkekafé og konsert
Det er kulturveke i bygda. I dag samarbeidde TrådKråa og Josefine. Ført viste ei frå Rauma/PT fram dei siste modellane deira. Eg har starta på ein genser frå det siste herreheftet deira. Han er strikka i kvit Mitu og vekselvis kvit og grå Puno. Det er studenten som har ønska seg ein slik.
Etter ein pause vart det ein flott konsert med tre flinke ungdomar. Det var stappfullt på arrangementet.
Etter ein pause vart det ein flott konsert med tre flinke ungdomar. Det var stappfullt på arrangementet.
søndag 12. oktober 2014
Søndagssyslar
I dag har vi hatt nok ein fin og mild haustdag. Eg hadde bestemt meg for å gjere ferdig Skappeljakka. Det er nemleg strikkekafé i morgon, og eg liker ikkje å ha mange påbegynte og uferdige produkt på gang. I strikkeverda er det noko som heiter UFO-ar, og det vil eg helst ikkje ha!
Det er framleis mogeleg å finne blomster til ein bukett i hagen! Rosene skal klippast til våren, og no forventar eg ikkje fleire nye skot, så eg tek dei gjerne inn!
For dei som vil vite kva vi har til middag, så kan eg røpe menyen: Lammefrikassé og aprikos- og rabarbradessert. Eg tok dei to nyaste rabarbrastilkane i hagen. Det er nok årets absolutt siste!

lørdag 11. oktober 2014
Laurdagssyslar
I dag har eg berre gjort slike ting som berre viser om ein ikkje gjer det. Eg angra på at eg ikkje tok bilde av forskjellig i dagslys.
Mot kvelden tok eg fram Skappeljakka som skal monterast. Planen var å få den ferdig til måndag. Eg har tatt ferie frå hobbyane mine også denne haustferien.
Ein kollega viste meg korleis eg kunne hekle saman når ein monterer. No ser eg at det står som forslag i nye Raumaoppskrifter. Det er lettvint, og ikkje minst mykje lettare å rekke opp om det skulle bli nødvendig. Om eg heklar i ermane, står att å sjå. Uansett er det noko eg må ha dagslys til!

fredag 10. oktober 2014
Besøksdag
I dag var frøkna og eg med besteforeldra og besøkte systera mi med familie. Eldstejenta deira har vi ikkje sett sidan i vinter. Eg fekk endeleg gitt dei skiltet eg kjøpte i Portobello Road.
Eg tok ikkje så mange bilde, men interesserte kan sjå på systera mi sin blogg.
Vi hadde ein svært kjekk dag med mykje god mat og god prat. Kanskje får vi ønskjet oppfylt om å få eldstejenta nærare snart?

onsdag 8. oktober 2014
Kunst i Karlstad
Vi låg ei natt i Karlstad. Det er ein by vi har vore i fleire gonger, men då berre om somrane. Denne gongen bestemte vi oss for å gå på museum.
Der var ei utstilling med Värmland si historie frå dei aller eldste tider til vår tid.Eg meinte å dra kjensel på tannglasa?
Bror min hadde ein Rubiks kube. Eg vart aldri like flink som han med den.
I bygget var det og kunstutstillingar. Noko av kunsten var til sals.
Når ein er på tur utan born, er det kjekt å oppsøke museum og kunstutstillingar, synest vi. Dette museet med kunst vil eg absolutt anbefale!
(Eg meiner sjølvsagt ikkje at born ikkje skal vere med slike stader!)
mandag 6. oktober 2014
Oslo
Ærendet i Oslo var å frakte studenten trygt attende. Så tok vi oss ein dag der som ferie, altså to overnattingar. Eg får kome attende til filmen vi såg. No er det ikkje kino i bygget over, men bokhandel. Bøkene var sorterte etter forlag.
lørdag 4. oktober 2014
Oktober
I dag har eg vaska litt, baka brød og laga fårikål. Ei lita økt i hagen gar eg og tatt meg tid til. Mot kvelden handla eg inn til veka og fekk brukt halvparten av kupongane.
Førre helg sleit eg med å få tak i fårikålkjøt og kål. Denne helga hadde dei ferskt fårikålkjøt av lam til ein rimeleg pris i kjøtdisken.
Journalisten for til Ålesund. Kor tid han kjem att, er avhengig av fotballresultata. Eg ser det i skrivande stund (91. minutt) ligg an til Moldesiger. I Ålesund vart det uavgjort. uansett flyttar han inn her i haustferien og passar huset.
No er kampen slutt: Molde er seriemeisterar om eg har forstått det rett!
No skal eg pakke kofferten, så får vi sjå om det vert mobilblogging i dagane som kjem.
fredag 3. oktober 2014
Haustferie
I dag kom frøkna att frå studieveke i Berlin. Andreklassingane har hatt seg ei veke med tyske lærarar. Ho veit kva ho skal kjøpe med seg heim att!
På Austlandet har det vore haustferie denne veka. På universitetet er det vel offisielt ikkje haustferie, men dei har hatt oppgåveskriving, og det kan ein gjere heime. I dag har eg kjøpt mikrobølgeomn og vifteomn som han skal ta med seg sørover.
I dag har det blåse og regna her hos oss. Kusina som skulle til Ørsta måtte lande på Vigra og ta buss heim. Eldste- og yngstemann er i Ørsta på kamp. Det må vere noko vått.
Men Yr har lova oss finare ver!

onsdag 1. oktober 2014
Bok 51: De fem årstidene
Han vil male. Når han pensjoneres skal han endelig få tid. I
trettifire år har han vært konduktør på toget mellom Oslo og Stavanger,
og til sammen har han tilbakelagt en strekning tilsvarende femtini
ganger rundt jorden. Nå skal han hjem. Til malingen. Til hagen. Til
henne. Men året som kommer skal bli helt annerledes enn det han har sett
for seg.
I De fem årstidene skriver Heivoll igjen med eget liv som bakteppe. Høsten 2012 får Gaute Heivoll for første gang se de mange filmopptakene bestefaren gjorde våren og sommeren 1978. Der får han se mormoren, sine unge foreldre, og ikke minst seg selv som nyfødt gutt. Men det mest fremtredende i opptakene er likevel hagen, som besteforeldrene pleiet med kjærlighet og omsorg.
I De fem årstidene har Heivoll skrevet fram en tapt verden, som tross sin lille utstrekning framstår i stor prakt og rikdom. Det er en roman om å kjempe mot elg og grevling, om å skaffe vann til blomstene, om å holde seg fast i hverandre. En roman om å dø. En roman om å elske. Om nødvendigheten av å skape mens man ennå har mulighet.
Dette er ei lita perle av ein roman. Det er ei lågmælt skildring av livet til besteforeldra. Berre språket gjer romanen verd å lese.

Abonner på:
Innlegg (Atom)