søndag 20. mai 2012

Rundt vatnet


I dag har alle i familien vore på ulike turar, berre brørne har gått i lag.  Eg gjekk rundt vatnet.  Det er mykje fin natur å sjå, men også mindre hyggelege syn møter ein.  Viss de ser nøye på bilde over, ligg der mange måsar og hekkar.
 Hageavfallsplassen er stengd på grunn av boss.
 Nokre av dei som har møtt stengde portar, har slengt frå seg sekker med gras.
 I staden for å gå på vegen, kan ein no gå på ein fin stig som Rotary har laga.
 For dei som treng pausar, er der sett opp benkar.
 Ein benk står heilt nede ved elva.
 Viss ein tek til høgre etter brua kan ein gå vidare framover.  Kor tid der er stig heilt fram til Kaldholen, veit eg ikkje, men eg håper det er snart.
Eit anna lite hyggeleg syn er lupinar langs vegen.  Dei har spreidd seg oppover marka.  Det er trist at dei får dominere over ville vekstar.  Eg håper mange fer fram og plukkar seg bukettar når den tid kjem.  Då kan ein kanskje avgrense skadane.

lørdag 19. mai 2012

Og kva gjer ein når desserten ikkje vert vellykka?

 I går venta vi studenten heim til sommaren.  På menyen stod det nakkekotelettar og rabarbra -pai og -graut.
Eg starta med paien - og fekk mykje rabarbra til overs.  Då tenkte eg at eg like godt kunne lage rabarbragraut.  Eg hadde akkurat 700 g rabarbra, nok til oppskrifta i den nye raudruta kokeboka. Det skulle vere 1 dl sukker i grauten.  Her burde det ha ringt ei lita bjølle.  Men eg kosa meg med krim på øyret og følgde oppskrifta slavisk.
 Rabarbragrauten vart sjølvsagt altfor sur!  Vi åt litt attåt rabarbrapaien, men det meste stod att.
I dag tok eg det som var att av sviskene til middagen og kokte opp med 1 1/2 dl sukker. Eg hadde i litt potetmjølsjamning før eg blanda sviskegrauten i rabarbragrauten.  Servert med krem og vaniljekrem, likna dette på grunnlovsdessert.

Med jobb på eit skulekjøken lærer ein seg nokre tjuvtriks på korleis ein skal "redde" mat. Harde gjærdeigar får seg gjerne ein tur i ei maskin med litt væske eller egg.  For salt eller svidd mat er det verre med. 


Oppskrifter som vi bruker på skulekjøkenet er velutprøvde.  Følgjer ein oppskrifta, skal maten bli passeleg salt og søt. (Eg har retta eit par i boka: Ein fiskerett manglar salt og sitronfromasjen har fått litt ekstra sukker.) Derfor irriterer eg meg litt over at dei som gir ut kokebøker, ikkje har prøvd ut og kvalitetssikra oppskriftene.  Den raudruta kokeboka er dessutan gitt ut i mange opplag.  Blogglesarane er no åtvara!


Om nokon av blogglesarane trur at eg liker svært søt mat, så stemmer det ikkje! Når eg synest at mat er for lite søt, så har eg nok med meg dei fleste!

fredag 18. mai 2012

Rabarbrapai

I fjor fekk eg denne kjøkenhandduken av svigerinna mi.  Eg har gledd meg til å prøve oppskrifta!
Eg har ei paiform, men bruker like gjerne ei eldfast form.
 I forma hadde eg 500 g rabarbra i bitar og 1 dl sukker blanda med 1/2 ms potetmjøl.
 175 g smør skulle smeltast og blandast med 3 dl mjøl, 1 dl sukker og 1 ts bakepulver. Eg trur nok at smøret like godt kunne ha vore brukt utan å smelte det.
Som de ser på handduken, så står der ikkje noko om pailoket.  Eg berre smuldra det over.

Paien vart god på smak.  Ein annan gong doblar eg fyllet!

torsdag 17. mai 2012

... og korleis fylle Kvæfjordkaka?

 Då eg spurde gjengen kva eg skulle kjøpe inn til 17.mai, var svaret enkelt: Pølser med brød. Og så kunne eg godt kjøpe ost- og baconpølser.  Etter toget stakk vi, tradisjonen tru, innom bedehuset for å kjøpe oss kaffi og kaker.
På ein annan blogg vart det diskutert korleis ein skal fylle ei Kvæfjordkake.  Eg slo opp i Sverre Sætre si kakebok. Han skriv at den nedste botnen skal vere opp ned.  Så då fylte eg den etter hans framgangsmåte.

17. mai 2012

 Det er mykje snakk om å dokumentere samtida no om dagen.  Vi som bloggar, gjer i alle fall ein innsats der!
 Dette var utsikta rett før eg forlet heimen.
 Bilde frå fast plass øvst i Drammensvegen.
 Korpset.
Dette var det siste bildet eg fekk tatt før batteriet på lommekameraet var utlada.
Her er og ein fast fotoplass 17. mai, framfor den raude rododendronen.


onsdag 16. mai 2012

Kva skal du gjere 16. mai?

 Når ein får slike spørsmål, forstår ein at ein ikkje er heilt ung lenger.  Eg kom ikkje på noko anna svar enn: Bake kake. Eg hadde fått for meg at eg skulle bake tre kaker til 17. mai, men det viste seg å berre vere ei.

 
Så no har eg sett ei Kvæfjordkake i omnen. Det er ei grei kake å gi vekk.

I dag har dei hatt avslutning på UVS.  Mannen kom heim med fin bukett og den flottaste orkidéen eg har hatt i hus.

Eg vil ønskje alle blogglesarane ein flott nasjonaldag!

tirsdag 15. mai 2012

Ei ulykke kjem sjeldan åleine

 Søndag kveld vart TV-skjermen svart.  Etter litt om og men fekk vi fram att kanalane, og så tenkte vi ikkje meir på det.  I går då vi endeleg hadde tid til å sette oss ned og sjå på ein av filmane vi hadde liggande på Riks-TV-boksen, men då oppdaga vi at den var tom. Alle opptaka var sletta. Det var kanskje like greitt, for vi hadde aldri kome igjennom lista.

Så var det tid for klesvask.  Vaskemaskina vart sett på, men tørketrommelen hadde slått ut sikringa.  Den har ikkje virka optimalt siste året, så eg eg glad for å kunne skifte den ut.  Det hastar ikkje, meiner eg, men der er ungdomane usamde.
Så var det I-poden min.  Av og på-brytaren stod  fast ein dag i veka som var.  Den fekk eg til morsdag, så den vart straks levert inn for reklamasjon.

Fotoapparatet mitt er heller ikkje gammalt.  I går fekk eg så vidt lagt over bilda.  Eg prøvde fleire slike leidningar for å føre over.  Svikten er i inntaket.  Heldigvis veit frøkna råd.  Du kan gjere slik som i Vikebladet.  I den nye datamaskina vår kan ein heldigvis sette inn minnekortet.  Så i dag får de sjå bilde av tulipanane mine.  Amplane har stått på grusen i vårvinden.

Det store spørsmålet er no: Kva vert det neste?

mandag 14. mai 2012

Bok 24: Journal 64

Dette er fjerde boka i serien der avdeling Q løyser saker.  Politiet har oppretta denne avdelinga for å få tilskot på fleire millionar.  Personane dei tilset, Carl Mørck, Assad og Rose, er skadeskotne på kvart sitt vis. Saman skal dei løyse gamle saker.  Sjølvsagt rotar dei seg opp i saker i tida - med røter i fortida. Vi kjem litt nærare inn på dei tre hovudpersonane i kvar roman.

Journal 64 tek føre seg menneskesyn i fortid og notid.  Jenter vert tvangssteriliserte.  Ei av dei tek systematisk hemn.

Eg har storkosa meg med desse bøkene, to i papirutgåve og dei to siste som lydbok.  Adler-Olsen skildrar folk slik at du ser dei føre deg, til dømes han som har bicepsar som kokosnøtter.  Torsdag låg eg på kne og vaska rundt kanten på eit teppe.  Då høyrer eg Assad seie: "De var en sånn familie som hadde skitt under teppet".  Han meinte det sjølvsagt i overført tyding.  Språket og humoren står til terningkast 6.  Viss eg skulle trekke ned på noko, så måtte det vere at ein hadde gjetta den overraskande slutten for lengst.

Dette er ei bok for alle krimelskarar.  Men start med "Kvinnen i buret"!

Blåmandag

Konfirmantane har hatt fri i dag.  Dei fleste fer vel til bya, og kanskje vidare til Moa. Eg forstod det slik at båtturen var litt tøff i vinden.

Sjølv tok eg meg og ein bytur.  Ærendet var å levere inn ei bok på biblioteket i Ulsteinvik.  To nye vart med heim.  Nesser si skal vere ein frittståande roman.  Kor tid eg les desse, får tida vise.

søndag 13. mai 2012

Dagen derpå

 Om nokon lurer på kvar det vert av alle kakene på sei sunnmørske kakeborda, så er svaret enkelt: Etterpålag. I dag samla vi naboar og vener til kaffi.  Gjestene fekk restar frå både koldtbord og kakebord.
Om nokon som les bloggen, skal ha konfirmasjon eller andre festar, kan eg trygt anbefale koldtbordet frå folkehøgskulen.  Maten var god og porsjonane var rause.

Elles forventar kollegaer noko godt i matfriminuttet i morgon.

lørdag 12. mai 2012

Glimt frå dagen

 Konfirmanten utanfor prestestova.
 Det var ingen diskusjon om kva farge vi skulle pynte med!  Her sit dei yngste gjestene.
 Koldtbordet gløymde vi å ta bilde av, men her er kakebordet.
 Sjølv hadde eg berre laga ei Lady Golden Glow-kake, i tilfelle det skulle bli for lite kaffimat. Fordelen med å få kaker, er at det kjem andre kaker i hus enn dei ein vanlegvis lagar.  Det vert feil å framheve ei spesiell, men denne smash-iskaka gøymde seg bak kransekaka. Eg tippar den kjem til å stå på mange kakebord framover.
 Og så må de berre få sjå eit nærbilde av den nydelege marsipankaka.
 Det var ikkje særleg fint fotover i dag.  Dei tradisjonelle familiebilda vart tekne i full fart mellom to regnbyger  , om ein vel å vere positiv.  Dei to siste laurdagane har det snøa, så vi kan vel ikkje klage.  Sola dukka opp mellom måltida.
Det er litt vemodig at den yngste i familien er konfirmert.

fredag 11. mai 2012

Dagen før dagen

No vert studenten henta på kaia.  Det strøymer på med gåver og helsingar.  Sjekk denne frå fotballaget.

torsdag 10. mai 2012

Eit lite livsteikn

Nei, eg har ikkje dekka på alle borda to dagar før festen!  Etter å ha vaska og rydda, tok eg fram nokre koppar og fat for å sjå korleis dukar og serviettar tek seg ut.  Dukane er såkalla nervøs fløyel - rimelege og strykefrie. Konfirmanten vil ha rosa remser på midten.

Vi vert 25 personar med stort og smått.  Så mange små er det ikkje i familien lenger.  Eg har telt kaffikoppane mine.  No kan ein ikkje vente at ein har 25 av alt.  Eg har til dømes eitt servise til 18 og eitt til 12.  Det siste har eg arva. Nok grøne glas til alle hadde eg bestilt i god tid, trudde eg.  Siste frist er i morgon.  Men når ein dekker fire bord, gjer det ikkje noko om borddekkinga ikkje er heilt lik på kvart bord, synest eg.

Elles ser vi at det kan bli fint ver laurdag.

onsdag 9. mai 2012

Alle gode ting er tre

I dag har eg vore tre gonger over Eidet.  Kva vi har kjøpt, vil eg ikkje legge ut på nett før den store dagen.  Ein dag eg sat ved kjøkenbordet, kom eg til å tenke på at blomsterpottene i vindaugskarmen var frå tidleg 90-tal.  Så i dag unnte eg meg eit par nye med roser i.  Desse fann eg på Floriss Hareid.

Blomsterpottene har ikkje stått der sidan 90-talet.  Dei har vore utskifta nokre gonger.

tirsdag 8. mai 2012

Meir krim

I går hadde eg eit ærend i byen.  Eg leverte og eit par lydbøker.  Der låg denne lydboka.  No har eg lagt den inn på I-tunesbiblioteket mitt saman med Mo Hayder si siste bok.  Det er kjekt å ha så mange bøker å velje mellom!

Elles driv vi sjølvsagt med konfirmasjonsførebuingar i dag.  Konfirmanten sjølv har vore i Molde og tatt med heim ein bronsemedalje på 60 meter.  Yngstemann spelar fotballkamp. Sjølv har eg droppa tysdagstur for hage- og husarbeid.  Slik går dagane her.

mandag 7. mai 2012

Dagens blomst: Bekkeblom

Bekkeblom Caltha palustris
 Denne blomsten dukkar opp i våte, gjerne langs bekker.  Eg kom på at eg hadde fotoapparat i sekken på heimvegen i dag og stoppa opp og tok desse bilda.

Blomsten er giftig som så mange andre gule blomster. Dyr beiter ikkje på dei sidan dei også smakar vondt.  Tørt høy med bekkeblom er trygt for dyra, for giftstoffa vert vekke ved tørking.
Sommaren 2010 starta eg med dagens blomster på gamlebloggen min.  Denne tråden vil eg ta opp att i ny og ne, ikkje for å "belære" andre, men fordi ein lærer best ved å lære frå seg. Informasjonen finn eg i firebandsverket "Norges planter"Cappelen 1993.

søndag 6. mai 2012

Bok 23: Noen kjenner mitt navn

I denne historiske romanen møter vi Aminata Diallo, ei elleve år gamal jente frå Vest-Afrika.  Rett før ho skal omskjerast, vert ho bortført og selt til sløvehandlarar. Mor hennar var jordmor, og jenta har plukka opp mykje kunnskap. Ho arbeider på ein indigoplantasje før ho vert selt vidare til ein jøde i New York.  Seinare går ferda tilbake til Afrika.

Mykje av det vi har lese og lært om slavehandel, er tatt med i denne romanen.  Eg trur unge lesarar vil finne den interessant og lærerik.

For meg stoppa det opp eit stykke ute i romanen.  Då begynte eg å synest den var langdryg.  Hendingane vart meir og meir utrulege.  Romanen skulle fått eit pluss hos meg om slutten hadde vore annleis. Men her skjedde akkurat det ein hadde sett føre seg.

Ei tøff handling krev eit tøft språk, meiner eg.  Noko kan kanskje forklarast med at romanen er omsett.  Amerikanarar toler kanskje meir "kliss" enn nordmenn - i alle fall underteikna.  Eg treng heller ikkje "happy end".  Men det skal ho ha: Ho greier å teikne eit nyansert bilde av slavehandelen.  Folk er ikkje skildra i berre svart/kvitt.

Les gjerne meir om romanen her

lørdag 5. mai 2012

For mange femtiøringar?

I dag har eg rydda og vaska kjøken. (Det er viktig å få sagt det ...) Då dukka det opp ein haug med femtiøringar.  Kvar skal ein gjere av dei? Svaret fekk eg i butikken: Gi dei til Kreftforeininga! No håper eg det dukkar opp plomberte bøsser, plastboksar verkar noko amatørmessig, der ein kan kvitte seg med dei, samtidig som dei kan ha verdi for ei god sak!

Hareid 5. mai 2012 klokka 10.30


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...