tirsdag 22. november 2011

Tida vi lever i

På skulekjøkenet her om dagen fekk ein av elevane bruke den store Kenwoodmaskina til å piske krem.  Eleven var tydeleg imponert.  Eg spurde om dei ikkje ha kjøkenmaskin heime.  "Nei", svarte ho, men etter at ho hadde tenkt seg om nokre sekund, kjem det: "Men oss he kaffimaskin!".

Det er vel kanskje slik det har vorte.  God eller fancy kaffi er viktig.  Kaffitraktaren vår har begynt å skrante.  Men noko billeg kapselmaskin ville ha vorte svært dyr i drift her i huset med tre eller fleire kaffidrikkarar.  Trikset er sjølvsagt å selje billege maskiner og deretter dyre kapslar.  No håper eg at slike maskiner som mel kaffien før dei bryggar han, kan kome ned i ein høveleg pris.

mandag 21. november 2011

Hodejegerne

Film er best på kino.  Eg veit det.  Men eg kjem meg sjeldan så langt.  Tida går fort, så det er ikkje så lenge til ein får kjøpt filmen på DVD, kanskje den til og med kjem på Coop-kupp!

Når det gjeld boka, så likte eg betre denne krimboka som er frittståande, enn eg har likt dei to siste Harry Hole-bøkene.  I denne romanen er det ein kjeltring, nemleg ein hodejeger og kunsttjuv, som er hovudpersonen.  Han vert lurt inn i ei felle, men kjem han seg ut av ho?

Forventningane til filmen var ikkje akkurat høge (jfr: varg-Veum-filmane).  Kanskje derfor vart eg positivt overraska.  Eg synest filmen hadde nerve og driv i seg.  Men sjølvsagt er boka mykje betre.  Så mitt råd er: Kjøp gjerne filmen om du ikkje har sett han på kino, men les boka først!

søndag 20. november 2011

20.november - ute og inne

 I dag er det Moldekamp, så det vart tidleg middag.
 Menyen var enkel: Kyllinglår, ris , salat og saus.  Hermetisk frukt med krem og fruktkake til dessert.
 I går skulle eg sjå til platane mine i "nyestova".  Då oppdaga eg at novemberkaktusane mine står i full blomst.
 Dei er plasserte rundt om i stova.  eg har mest av ein farge som eg tok stiklingar av for nokre år sidan.  Dei er lette å formeire om ein gidd.
 Kuldedagane tok ikkje knekken på ringblomstrane.
 Vert det mildt framover, kan det bli fleire roser.
 Eg er glad eg ikkje kasta utepotteplantane i haustferien.
 Hengeplante i full blomst.
 Denne er like fin.
Fuksiaen står med 100 knoppar.

Om ei veke er det første søndag i advent.

Bok 56: En rettferdig dom

Denne krimromanen er frå 2000, og er nummer fire i serien med advokat Svend Foyn.
Ei jente er drept, ein mann har tilstått og alt verkar opplagt.  Men mor til offeret får ikkje fred og oppsøker Svend Foyn. Eitt av spørsmåla er kvifor ein uskuldig mann eventuelt tek straffa for noko han ikkje har gjort.

Boka er skriven etter same oppskrift som dei andre bøkene i serien, med godt språk og herlege sleivspark.  for meg er dette god underhaldning.  No satsar eg på å få lese den siste i næraste framtid.  Sjå lista under.



Kjelde: Wikipedia

  • Gylne tider – kriminalroman (1996)

  • Kalde hender – kriminalroman (1998)

  • Det annet kinn – kriminalroman (1999)

  • En rettferdig dom – kriminalroman (2000)

  • En nødvendig død – kriminalroman (2002)

  • Den siste dansen – kriminalroman (2003)

  • Din eneste venn – kriminalroman (2005)

  • For Guds skyld – kriminalroman (2007)

  • Det ingen vet – kriminalroman (2008)

  • Madrugada – kriminalroman (2009)

  • Bake kake søte – kriminalroman (2010)

  • Straffen – kriminalroman (2011)
  • lørdag 19. november 2011

    Messe og bruktfunn

    I dag ringte ei venninne og ville ha meg med på messe i Brandal.  Det passa godt.  Det er artig å sjå kva folk lagar rundt om. Eg tenkjer alltid at eg kunne ha strikka og baka sjølv, og det kanskje betre og, men som regel kjem eg ikkje så langt.

    Det som freistar meg mest, var ei heimelaga fruktkake. Den kunne pakkast i aluminiumsfolie for å halde seg til jul.  Heilt ærleg trur eg den endar som laurdagsgodt i heimen i dag, så får eg bake meir seinare.  Eg seier som røvarane "Det er godt med mat som en dame har laget". Og den dama treng ikkje alltid vere eg.

    Vidare hadde vi ærend i kjøpmannsgata.  Vi fann ut at vi kunne kike litt i bruktbutikken også.  Der fann eg "skåla som mamma knuste".  Det hugsar eg godt.  Ho klaga, som eg alltid gjer, på at om ein knuser noko, er det noko ein liker.  Småskålene har eg fått av henne.  No har ikkje eg for få skåler.  Det er derfor eg ikkje bør gå innom bruktbutikkar.  Eg har ikkje for lite av noko.

    fredag 18. november 2011

    Bakepapir

    Eg hadde lova frøkna ein liten bytur i dag. Postkassa har vore full av julekatalogar denne veka.  Det er visst på tide å begynne å planlegge jula.  Sjølv har eg ikkje kjøpt ei einaste julegåve enno.  Hausten har vore så fin at både advent og jul har virka fjernt.  I dag har vi hatt ein slik mørk novemberdag som vi har vore sparte for til no.

    Eg hadde eitt ærend i byen, og det var fort unnagjort.  Elles vart det ein del kiking, eller sondering om ein vil. Ungdomsbutikken skulle få inn mange kjolar neste veke fekk vi vite.

    Men mat må ein ha! På Mega fann eg Edamerost.  Det er yndlingsosten min, og eg kjøper Edamer heile året. Om den framleis er laga i Ørsta, veit eg ikkje.

    Dagens løp-og-kjøp-tips får bli bakepapira som ein no får 3 for 69 på Coop.  Dei er svarte, men eg reknar med at dei er av same kvalitet som dei brune.  På skulekjøkenet bakar vi mykje, og vi sparer fort inn att desse arka.

    torsdag 17. november 2011

    Bok 55: Barnepiken

     Eg har nyleg lese nok ein bestseljar.  Romanen er filma, så eg har planar om å få sett filmen etter å ha lese boka.  kjenner eg meg sjølv rett, vert det til at eg kjøper DVD-en.

    Miljøet er Missisippi på 60-talet.  Ei ung kvit kvinne får lyst til å bli journalist i staden for å leve opp til forventningane om å gifte seg og få familie.  Ho begynner i det små med å skrive husmortipsspalta i ei avis.  Husarbeid har ho ikkje greie på, ho som er oppvaksen med hushjelp. Så ho må gå til ei svart hushjelp ho kjenner.

    Det vert til at ho bestemmer seg for å skrive ei bok om dei ulike lagnadene til farga hushjelper i byen.

    Eg likte denne bestseljaren.  Forfattaren greier å skildre eit miljø og ei rekkje mennesketypar.  Ho skildrar menneska med humor og varme. Og ikkje minst greier ho å halde seg når det gjeld kjærleikslivet til hovudpersonen.

    Lydbokversjonen er litt forvirrande, for her er tre forteljarstemmer, Skeeter, Minnie og Aibileen.  Dette har dei løyst med å ha tre opplesarar.  Men dei les for likt.  Ein skulle ønske dei hadde kvar si dialekt bak stemma, ein skarre-r eller noko anna som kunne ha vore til hjelp.  Les gjerne om boka på Bokkilden.

    onsdag 16. november 2011

    Då mannen drog ...

     ... til fjells saman med dottera, ringte dei frå butikken og fortalde at Riks-TV-boksen hadde kome.  Han snudde på Grimstad, gav meg beskjed om å rykke ut låneboksen og stå klar.  Det gjorde eg sjølvsagt.  Her nærma det seg stengetid.

    Eg fekk høyre at det hadde vore ein fordel om TV-en stod på når han kom heim frå fjellet.  Under mottoet "Kor vanskeleg kan det vere?", gav eg meg i kast med boksen og bruksanvisninga.  Arbeidsdelinga her i familien bruker å vere at han riggar til, og så tek eg fjernkontrollen og tek det derifrå.

    Ein kan ikkje gjere narr av program som "Da damene dro", og så vere like hjelpelaus den andre vegen, meiner no eg.
     Å plugge inn boksen var det enklaste.  TV-en  reagerte som han skulle og NRK var på plass ganske raskt.  Men så mangla ørten kanalar.  Då kom eg på den gongen eg ringte til Riks-TV for at dei skulle få sjå fleire kanalar i kjellaren.  Dei må ha nummer på kortet og boksen.  Det ordna seg med ein telefonsamtale.
    Så fekk eg høyre at det hadde vore eit veddemål på turen heim frå fjellturen om mor ville greie dette.  Dei hadde trudd på svart skjerm!

    "Nød lærer nøgen kvinne at spinne", seier no eg.

    tirsdag 15. november 2011

    Blandabalj - perfekt denne gongen?

     I dag gav eg gjengen beskjed om å skrelle poteter til eg kom heim.  Eg ville lage blandabalj av fiskefase eg fekk av far min.  Eg brukte same oppskrift som før, men let foodprosessoren gjere jobben.


    Blandabalj i foodprosessor
    1 liten løk
    1/2 kg rivne poteter
    1/2 kg malen fisk
    1 ms kveitemjøl
    1 ms potetmjøl
    1 1/2 ts salt

    Kokekraft: 3 l vatn og 2 ms salt


    Slik gjorde eg det:
    1. Hakk løken med kniven.
    2. Ha i poteter delt i ca fire.  Køyr maskina til dei er malne.
    3. Ha i fisk.  Lat maskina gå medan du har i mjøl og salt.  
    4. Form balj med flesk i midten og ha i kokande kraft.


    Konsistensen på denne blandabaljen vart mykje fastare, meir lik svigermor mi sin, fekk eg høyre, og det er vel eit kvalitetstekn?  Eg kjem i alle fall til å halde på denne framgangsmåten.

    mandag 14. november 2011

    Gratulerer!

    I dag kan vi gratulere far/morfar med 75-årsdagen!

    Eg var inne på facebook og knabba dette bildet frå profilen hans.  Der har han ikkje så mange jamgamle vener.  Det er i grunnen litt synd, for mange av hans likesinna ville hatt glede av å dele lenkjer og tankar.

    Vi feira i går.  Kaka som vi fekk av mamma mykje betre i dag etter ein lang dag på jobb - og fiskekaker til middag.  I går stod det pinnekjøt og karamellpudding på menyen.

    No håper vi at dei har hatt ein kjekk dag med litt feiring til ...

    søndag 13. november 2011

    Fars dag

     I dag har vi feira både farsdag, far/morfar sin 75-årsdag(som er i morgon) og Erlend sin dag litt på forskot.  Eg kika litt på bilda frå i fjor før vi for heimanfrå.
     Her er ein som det begynner å gå opp for at han får det han har ønska seg mest i verda?
    Nettopp!
     Mormor og morfar sine jenter.
     Tre av gutane.  Fem manglar i år og.
    Her sit dei etter alder, frå 8 til 18.
    Smellbonbonar høyrer med.
    Og så er det desse vitsane.  Dei norske gjekk greitt, men så var det desse svenske!
    Mormor hadde lagt ein blomkarse på kvart fat.  Er det ein ting som absolutt ikkje var som i fjor, så var det veret!

    Takk for ein fin dag!

    lørdag 12. november 2011

    Bokbad

    I dag hadde biblioteket på Moa invitert Øystein og biblioteksjefen til såkalla Bokbad.  Dei hadde fått høyre at Bokbad var ein beskytta tittel som Bokklubben har einerett på.

    Eg er imponert over bibloteksjefen.  Ho møtte opp godt førebudd og stilte mange interessante spørsmål om novellesamlinga Sjabervik.  Forsamlinga var lydhøyr, og fleire kom med innspel og spørsmål etterpå.

    Det er alltid spennande kor mange som dukkar opp på slike arrangement.  Eg hadde tent ut nokre vener som eg tenkte ville kome om dei ikkje hadde andre planar for dagen.  Det gjorde dei!  Så det vanka kaffi på Emblem ut på dagen.

    Både biblioteksjefen og forfattaren fekk med seg blomster heim.

    fredag 11. november 2011

    Julemanna

    Ein blogglesar har spurt om eg kan legge ut ei julemann oppskrift på bloggen.  I butikken går dei under namnet kakemenn. I fjor brukte eg ei ny oppskrift på skulekjøkenet.

    Heime har eg brukt ei anna oppskrift som er litt større, og som har fleire ingrediensar.  Kjekvlar ein deigen tynt, får ein sprø kaker, og kjevlar ein han tjukt, får ein mjuke kaker.

    Kakemenn/julemanna
    150 g smelta smør
    1 1/2 dl mjølk
    1 1/2 dl vatn
    4 1/2 dl sukker
    1 egg
    3 ms hornsalt
    1 1/2 dl potemjøl
    mjøl(sikta kveite) til passeleg deig
    (eg meiner det er ca 1 kg, så begynn med litt mindre)

    Bland alt saman til ein fin deig.
    Kjevle ut deigen (del han opp) og trykk ut figurar.
    Steik ved 200 grader i 8-10 minutt.

    P.S.
    Bildet er frå 2009.  Det vert nok minst ein månad til eg bakar julemanna i år?

    torsdag 10. november 2011

    Always Look On The Bright Side of Life



    Frå dagens engelskpensum. Ein av gjengen hadde høyrt om filmen og MontyPython.  Min generasjon hugsar Life og Brian frå 1979 og blasfemiskuldingane.

    Some countries, including Ireland and Norway, banned its showing, with a few of these bans lasting decades. The film makers used such notoriety to benefit their marketing campaign, with posters stating "So funny it was banned in Norway!". (Wikipedia.)

    onsdag 9. november 2011

    Lefsebaking med besteforeldre

    Eg bruker å kalle denne veka for lefsebakeveka. Kvart år inviterer vi besteforeldre til å vere med oss på skulekjøkenet og bake lefser.

    Kvart år gjer ein seg nokre refleksjonar.  I år kom det til dømes ei bestemor som ikkje er stort eldre enn meg sjølv!  Slikt vert det vel meir av framover.

    I går la eg ut eit lite hjartesukk på facebook over at TV2 startar opp ny sesong av "Då damene dro".  Blogglesarane veit kva eg meiner om dette programmet - som eg rett nok ikkje ser.  Det gledde meg derfor spesielt at det dukka opp ein kompetent bestefar og baka lefser saman med oss i dag.  Han kvidde seg verken på å ta i deigen eller å rettleie ungdomane.  Eg takka han spesielt  for å vere eit godt forbilde! Menn kan!

    For ordens skuld: Vi har bestefedre med oss kvart år.  Dei kjem helst saman med kona, men det har og kome menn åleine.  I nokre familiar sender dei oldemødre fordi bestemødrene er på jobb. I andre familiar sender dei tanter eller gamletanter - alle er like velkomne!

    tirsdag 8. november 2011

    Bok 54: Vann til elefantene

    Jakob sit på gamleheimen og ser attende på livet sitt.  Kort fortalt døyr foreldra hans i ei bilulykke, slik at han får øydelagt siste eksamenen på veterinærstudiet. Han er blakk og kan ikkje koste på seg ny eksamen. Livet vert ofte styrt av "tilfeldigheiter".  Jakob hamnar på  sirkus. Boka skildrar nokre år med sirkusliv, og det er ikkje utan dramatikk.. Innimellom får vi skildra dagar på sjukeheimen.

    Sidan dette er ein såkalla bestseljar, så forventar vel blogglesarane heilslakt?  Sara Gruen greier å styre unna sentimentalitet og klisjéar, meiner eg.  Romanen greip meg på eit vis.  Eg gler meg til å sjå filmen når høvet byr seg!

    mandag 7. november 2011

    Premiering

    Då eg melde meg på dytt.no var det ikkje med tanke på premiering.  Spesielt høge mål hadde eg heller ikkje.  Minst 10 000 steg om dagen er det ein på ein måte forpliktar seg på.  Så eg tenkte at om eg skjerpar meg, så greier eg 12-13000 steg i gjennomsnitt.  Det var før eg reiste til Oslo og trakka på Gardermoen og i gatene, og gjennomsnittet auka til 17000 steg om dagen.  Då tok konkurranseinstinktet meg, og eg skifta plate: Ikkje ein dag under snitt!  No ligg snittet på 18000!  Einskilde røyster er begynt å ymte frampå om at det skal bli godt når perioden er over ...

    No har eg altså fått premie.  Men det skal ikkje ende der.  Etter 15. november skal snittet ned.  Det eg saknar mest, er nemleg å sykle på jobb.  Det "taper" eg 2000 steg på, så det skal trekkast frå i det nye målet. Og premiering skal eg stå for sjølv.  Det vert nok minst like premiar heretter!

    Nei, her kan eg ikkje sitte med 11000 steg hittil i dag ...

    søndag 6. november 2011

    Søndag 6. november

     Det står sjette november på kalenderen, og vi kan glede oss over mildver med sol.  Det er altfor fint til å sitte inne og sjå cupfinale eigentleg.  Eg har gått rundt vatn i første omgang, men det kan no hende eg set meg ned etter pausen når eg har fått saus og poteter på kok.
     I vår var planen å vise mange oversiktsbilde av hagen.
     Utepottene har ikkje frose enno!
    Om engletrompeten overlever veka, kan det hende eg tar han inn i år og.  Ein mild vinter er ikkje meg imot.

    Avslutta meiningsmåling

    Det synest eg er flott!
      1 (6%)
     
    Sommartid heile året!
      15 (93%)
     
    Vintertid heile året!
      0 (0%)

    Stemmer hittil: 16
    Meningsmåling stengt 

    Dei fleste som har stemt liker best sommartid ...

    lørdag 5. november 2011

    Posemat og prøving av produkt

     Det har vorte slik her i huset at vi vaksne ofte er åleine heime kveldane i helga.  I går hadde dei steikt pannekaker til eg kom heim, så eg bestemte meg for å lage noko godt til kvelds.  Dette coop-kuppet kom på snakk før vi gjekk heim frå jobb i går.  Kor mange er det nok til?  Er det enkelt og raskt å lage?
     I posen er der krydder til å marinere kjøtet i.  Her tilset 1/2 dl olje.  Deretter kokar ein risen og steiker kjøtet.  Kokosmjølka og krydderet skal i kyllingen.  Dette er så enkelt at ein kan sette ungdomar til jobben.  Det var passeleg mat til oss to, og i tillegg nattmat til yngstemann.  Med nanbrød til kunne ein greitt ha middag til fire.  Det smakte godt på ein fredagskveld.
     Eg er som kjent ingen tilhengar av posemat, eller pulvermat som eg kallar det. I dag går diskusjonen i Sunnmørsposten.  Er posematen betre enn sitt rykte?

    "Tørking ødelegger ikke næringsstoffene, og tørket mat inneholder like mye næring som mat som kan fryses" vert det hevda av forsvararen av posemat. Kva er næring? I ernæringslæra er ikkje dette noko omgrep.  Vi har seks næringsstoff, protein, feitt, karbohydrat, vitaminar, mineralstoff og vatn.  Dei fleste forsvinn ikkje i ein tørkeprosess, men eg skulle likt å sett vitamininnhaldet samanlikna tørka og frose!

    Eg meiner ein kan kjøpe sauseposar med godt samvit.  Det vert ein liten del av middagen, og ein kan spare ein del feitt.  Born elskar gjerne tomatsuppe med rikeleg makaroni i.  Her er det nok kaloriar, men vitamininnhaldet i ei suppe laga frå grunnen av, vil vere heilt annleis, og for ikkje å snakke om smaken!

    Ein ting til har eg å utsette på posemat, nemleg grunnsmaken.  Det har lett for at det meste smakar av det same.  Før var alle Toro-supper laga med same buljong.  Dette har nok kome seg.

    Sidan folk flest et ein del posemat, er det flott at ein har bytta ut palmeolje med rapsolje.
     Det er lett å forstå at folk tyr til enkel mat i ein travel kvardag, men det finst mange rettar du lagar like enkelt og raskt frå grunnen av, mellom anna fiskerettar.  Eg skulle greit ha laga ein kyllingrett frå grunnen av medan risen kokar.

    Ein representant for Fiskesprell underviser i matlaging rundt om i barnehagane. Ho poengterer gleda ved å lage sin eigen mat frå grunen av.
     I dag stod det kjøtsuppe på menyen her.  Krafta kokte medan eg gjekk tur. Då eg kom heim laga eg kjøtbollar og skar opp grønsaker.  Norske grønsaker er på topp no.  Krafta vart nydeleg! Har ein lite tid til matlaging i veka, kan ein slå til i helga!

    fredag 4. november 2011

    Forfattarbesøk

    Det er travle tider på jobb for tida med kontaktmøte, prøver, hospitering og lefsebaking.  Sjølv har eg hatt vaktveke oppå det heile.  Då gjer det ekstra godt at det skjer noko som gjer at ein berre kan sette seg ned med klassa og høyre på andre.

    Maria Parr kom på og fengsla forsamlinga, det vil seie nærare åtti tiandeklassingar, med å lese og fortelje.  Eg har ikkje lese Vaffelhjarte enno, men kosa meg med kapittelet Noas sjark, som ikkje er med i TV-serien.

    Riks-TV boksen min har vore inne til reparasjon i fire veker no, så eg må sjå programmet når det går.  Tredje episode gjekk eg dermed glipp av, men får ta den att på nett-TV. Eg synest, som eg har sagt før, at dette er stor litteratur.

    Bildet er frå Wikipedia.

    torsdag 3. november 2011

    Bok 53: Bake kake søte

    Eg har lese fleire kriminalromanar av Jan Mehlum med advokaten Svend Foyn som etterforskar ulike saker.  Med seg har han ein sanktbernhardshund.  Ei nær-døden- oppleving høyrer med.  Slik er det også i "Bake kake søte".

    Det startar med eit tilbakeblikk.  Ein femåring vert kidnappa. og det endar katastrofalt.  Ei politikvinne vert ikkje den same att.  Ei anna sideforteljing går til Sverige.  Så vert ein seks månader baby kidnappa, og romanen går over i eg-form.  Svend Foyn hamnar opp i situasjonen, og adoptivmora til barnet hyrer han inn.

    Først vert ein redd for at ein har tippa korleis det går.  Heldigvis er ikkje krimgåta så opplagt.

    Eg har tidlegare samanlikna Jan Mehlum med Gunnar Staalesen og kalla dette kosekrim.  Det er god underhaldning.  Og som kjent er eg glad i ironi og sarkasmar.  Metaforane og samanlikningane krydrar språket.  Eg kosa meg med boka!

    onsdag 2. november 2011

    Matvett

    Det finst ein nettstad der det er fokus på det å kaste mat.  Den set fokus på matsvinn. Der er tips om oppbevaring av mat, og ein finn oppskrifter på restemat.  Klikk innom og vert klokare.

    Undervisningsopplegg er visst under utarbeiding.

    tirsdag 1. november 2011

    1. november - nye kupp og kupongar

    I dag stakk eg innom butikken for å kjøpe mjølk og frukt.  Vel heimkomen ser eg at det har dotte litt forskjellig opp i handlekorga.  Frukostjusen var det 3 for 2-tilbod på.  Eg synest det er greit å sette ein kartong jus på middagsbordet.  Sjølvsagt burde ein tatt fram juspressa oftare.

    I dag var det også nye få-attpå-tilbod.  Slike lasagne-kit bruker eg ikkje til å lage lasagne av.  Av og til kan det vere greit å ha ein kvit saus til gratinering.  Grønsaksausen vert gjerne brukt på ein pizza.  Den indiske kyllingretten tok eg med for å prøve ein dag.  Eg kjem ikkje på å kjøpe slikt til vanleg.

    Ved kassa låg ein slik verdikupong på mandelpoteter.  Den kan nyttast neste veke.  Mandelpoteter kokar raskt.  Eg tek litt vatn i panna med poteter og kokar resten opp i vasskokaren først.

    Det er berre å konstatere at eg har bite på det meste i dag og.
    Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...