søndag 28. januar 2018

Spragler

I går var eg på kafé og butikkrunde saman med ei god venninne.  Siste stopp var blomsterbutikken. Eigenleg var eg ute etter noko som blomstra, men så fekk eg auge på dess plantane.  Dei minner meg om barndomen.  Eg meiner og at blada vil røte seg.  Det stadfesta dei i butikken.  Så fann eg ut at eg kan gjere eit forsøk.

Mellomstemann er heime frå hovudstaden denne helga. Då vart det søndagsmiddag med besøk, noko som det har vorte mindre av sidan eldstemann for til Alta. Mannen laga pinnekjøtmiddag medan eg tok bær opp frå frysaren, sukra dei lett og serverte med krem.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...