Det tek si tid å få vekk all julepynten her i huset. Noko snik seg alltid vekk, derfor gir vi oss sjølv omtrent ei veke til å finne alt. I jula har eg hatt sviblar i urtepottene. Det fungerte heilt flott. Vatnet forsvann på ei veke, og dei treivst godt. No prøver eg same stell på primulaene.
I dag for siste julegjesten med nattbuss til hovudstaden. Sjølv har eg fått ny timeplan med full dag med undervisning og møte til halv fire om måndagane. Det førte til halv arbeidsdag i dag. Eg ser altså at eg må disponere tida litt annleis midt i veka.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar