Olaug kom heim ei veke før jul, og så reiste ho ei veke etter jul. Det gav meg tid til å strikke henne ein genser. Eg hadde sett ut både garn og mønster før ho kom, men eg ville ha godkjenning før eg sette i gang. genseren er strikka i Sandnes alpakka på pinnar 3,5.
Mønsteret er i #Strikk av Ellen Wessel. Der er mange fine modellar som dei unge damene i familien liker. Boka berre grabba eg med meg ein gong eg var på biblioteket etter lydbøker. Eg tek gjerne med meg kokebøker og strikkebøker for å bla i.
Olaug sin genser er veldig fin. Eg har lyst å strikke ein einsfarga genser til meg sjølv-men den må vere opp i halsen.
SvarSlettEg er ikkje så glad i hals, men strikkar lause halsar til dei som vil ha det. Øystein vil ha ein genser med hals. Alle får det som dei vil ;-)
SvarSlett