Då eg var på nasjonalgalleriet i Edinburgh fall eg for desse netta i ,useumsbutikken. Dei hadde ulike kjende måleri, og tanken bak dei var at folk skulle få sjå kunsten. Då mannen skulle attende dit, lokka eg han til å kjøpe nokre som eg kunne ha til smågåver. Han kjøpte og "Pike med perleøredobb". Det nettet har eg ikkje gitt vekk enno...
Nettsamlinga som inneheld ulike merke som Coop, Kiwi, Bunnpris og Spar, vert gjerne putta i dette fine nettet når eg skal handle mat. Dei er både miljøvennlege og sterke, og så gir dei kanskje små kunstopplevingar?
Eg vart veldig glad for gåva! Då eg kjøpte meg ny veske før jul, tenkte eg at eg skulle kjøpe ei som var så stor at eg kunne få plass til noko slikt. Det blir frykteleg mange plastposar i heime, og eit slikt nett er veldig kjekt når ein driv med småhandling. Ved større innkjøp kjem eg nok til å halde fram med å kjøpe posar på butikken, er eg redd.
SvarSlettNokre plastnett treng ein - til boss og liknande. Men ein kan og putte plastnett i dette 😉
SvarSlett