onsdag 4. mai 2016

Eg vert irritert og oppgitt!

Ei facebookvenninne av meg hadde lagt ut bilde av dottera, ei ung bevisst frøken som hadde reagert på marknadsføringa av denne juicen for born. Ein dag eg var innom ein butikk som sel juicen, tok eg dette bildet som illustrasjon.  Ved sida av appelsinjuicen stod eplejuicen. Han var "utan grums".
 
Den same unge frøkna ville kontakte myndigheitene.  Eg er redd der ikkje er nokon klageinstans?  men mi fulle støtte skal ho få!
 
Ekle klumpar?
Gammal mjølk kan innehalde ekle klumpar.  Juicen inneheld fruktkjøt.  Eplejuice som er grumsete, er gjerne ferskpressa. Ein bør ikkje bruke språket på denne måten.  Produsenten reflekterer haldingar som ikkje gagnar borna, og som skjer alle born over ein kam.  Ein kan og lure på om det er foreldra som skal lese dette.  Er reklamen retta mot born som kan lese?
 
Barnemat
Born har ulik smak.  Men alle har behov for næringsrik mat.  Eit glas juice kan gjerne gå i kosthaldet som ein om dagaen, og då bør juicen helst vere ferskpressa,viss ikkje bør born få rein frukt eller reine grønsaker. 
 
Korleis gjer foreldra dette?  Det er svært enkelt. Ein set ein kartong sunn og næringsrik juice på bordet og ein mugge vatn, så kan barnet velje sjølv. 
 
Andre døme
Eg bruker å vise elevane mine brødposar med reklame retta mot born "utan frø". Det er trass alt ei opplysning.  Og det er ikkje til å stikke under ein stol at mange born, også i konfirmasjonsalder, er skeptiske til frø.  Men korleis har dei lært det?  lat dei i alle fall finne det ut sjølve.  Ikkje dytt meiningar på dei! Eg gløymer ikkje ein av mine som ikkje "likte løk".  Broren stakk det i han.  OK, så likar eg det då!  han ville ikkje sitte utan middag, d.v.s berre med ris eller pasta.
 
Forbrukarmakt
Eg har følgt med utviklinga i grovprosenten på brød. Etter at det vart pålagt å opplyse om grovprosenten i brøda, har han gradvis auka.  Kneippbrøda frå 25-33-51 %.  Brøda som har posar som born likar, har litt å gå på.  Dei som treng grovaste brøda, er born og eldre.  Nettopp fordi dei treng mest næringrik mat., born fordi dei er i vekst, og eldre fordi næringsbehovet ikkje går så mykje ned som energibehovet.
 
Litt reklame
Bloggen min er reklamefri, men når ein seier nei til noko, må ein kome med alternativ.  Desse to juicane, no på tilbod i alle coop-butikkar, er no på tilbod med to for 38.  Eg skal like å snakke med dei som ikkje liker dei!  Eplejuicen utmerkar seg spesielt.

4 kommentarer:

  1. Det er dessverre prisen som ofte avgjer kva vi kjøper. God jus er dyr! Men ein treng ikkje mykje kvar dag. Eg likar brød som er fulle av alle slags frø-men far din toler det ikkje. Det er mange omsyn å ta, særleg i familiar med barn eller gamle. Dei som er midt på treet kan ete det mestte.
    Ein ting som eg irriterer meg over er ayt når eg kjøper brus utan sukker-så er den ekstremt søt.

    SvarSlett
  2. Det er marknadsføringa eg reagerer på. Det er ikkje noko "must" med frø i brød. Sammalen kveite, fin er også 100% grov. Men ein bør ikkje hinte til borna om at frø og fruktkjøt er ekkelt.
    Brus er ikkje så lett å gjere noko med. Yoghurt bruker eg å legge naturell og fruktyoghurt lagvis for at han ikkje skal bli for søt.

    SvarSlett
  3. Eg forstod i grunnen kva du meinte-men svarte litt på sida.
    Poenget mitt var rett og slett at ein vel ufrå pris-meir enn kvalitet. Kvalitet kostar. Ekle bitar-er tullete reklame, og eg synest det er tøv med jordbærsylte uten "klumpar". At somme ungar synest dei klumpefri produkta er betre- er ei anna sak.

    SvarSlett
  4. Ja, jordbærsylta er med mosa bær, ikkje utan (ekle) klumpar ... Så får ungane velje, utan å bli pådytta meiningar.
    Mengd juice er og eit poeng. Eg set gjerne ei flaske/pakke på bordet til middag - og ein mugge vatn.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...