onsdag 13. april 2016

Ny butikk!

I dag var eg innom den nye Asiabutikken i Hareid.  Det er alltid kjekt med nye butikkar i bygda.  Denne deler parkeringsplass med Coop, noko som er svært praktisk.  Den førre måtte ein køyre til, og då vert det lett eit tiltak. Dei som har vore på Kinarestaurant her, finn inngangen.  Eigaren vil og begynne med indisk restaurant i løpet av veka.
 
I butikken var det både tørrvarer og friske varer.  Eg plukka med meg litt småtteri, mellom anna søte mandarinar til 20 kroner kiloen.
 
Seinare i veka skal det kome fleire varer.
For ein vanleg nordmann er det ikkje så lett å vite kva ein skal bruke alle varene til. Eg ønskjer meg oppskrifter.  Utvalet i linser og dal er til dømes kjempestort. 
 
No håper eg at folk frå alle nasjonalitetar finn varer dei vil bruke i butikken. 

2 kommentarer:

  1. Så spennande då!
    Veldig kjekt med slike butikkar.
    Du får be dei finne fram oppskrifter :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, då hadde nok salet til nordmenn auka!

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...