Sidan foodprosessoren min stod på benken i går, fann eg ut at eg kunne lage ei svært enkel eplekake.  Eg meiner det er ei gammal oppskrift frå då Ingrid Espelid var på Fjernsynskjøkkenet.  Eg nytta elles høvet til å sjekke ut om eg kunne bruke ei silikonform utan å smørje henne.  det gjekk heilt fint!
175 g
smør
175 g
mjøl1 ts bakepulver
2 egg
2 ms sukker
1 ts kanel
- Set steikeomnen på 180 g.
 - Smør og strø ei rund form 24
     cm.  Ha gjerne bakepapir i botnen.
 - Smuldr smør og mjøl i
     foodprosessoren
 - Ha i sukker, bakepulver og
     egg.  Lat maskina gå til du får ei
     glatt røre.
 - Ha røra i forma.
 - Skrell epla og ta ut
     kjernehuset.  
 - Skjer dei halve epla i tynne
     skiver.  Trykk dei halve epla ned i
     forma.
 - Strø sukker og kanel over.
 - Steik kaka i ca 40 minutt på nedste
     rille.
 
Servér kaka lunken med krem eller vaniljeis.
SÅG HERLEG UT :-)
SvarSlettPÅ KURS I BYEN I DAG ÅT VI LUNSJ PÅ SØSTRENE FRYD OG TIL KAFFI FEKK VI EPLEKAKE MED KREM. VART INSPIRERT TIL Å SNART LAGE EPLEKAKE IGJEN.
Eplekake er alltid godt, og den kan godt vere enkel, berre der er mykje eple i. Og krem attåt.(Ikkje is).
SvarSlett