torsdag 9. juli 2015

Slottsparken og Nasjonalgalleriet

I dag har vi mellom anna gått gjennom slottsparken og vore på Nasjonalgalleriet. 
Noko som ofte overrakar ein når ein ser måleri, er storleiken. 

På Nasjonalgalleriet er det eit heilt rom med Munchmåleri. Skrik og Madonna heng der med ekstra sikring og alarm. Elles oppdaga eg at der er den versjonen av Livets dans som ein oftast ser avbilda. Bakgrunnen der er ikkje så utprega lilla som den på Munchmuseet.

3 kommentarer:

  1. Alt det kjekke dokke oppleve !
    Gler meg til Osloturen om eit par veke.
    Har du vore innom bokhandelen i gamle Eldorado kino ?

    SvarSlett
  2. Ja, vi var der sist! Bøkene var delt inn etter forlag der, ikkje etter tema.
    Denne gongen har eg vore innom mange andre.
    I dag var eg nedom Sten pg Støm også. Eg vert så overvelda at eg ikkje kjøper noko når tilbodet er så stort.
    Utruleg mykje å ta seg til her, så ein må velje!

    SvarSlett
  3. Oy! Så stort! Må ha litt takhøgde for å få dette på plass.

    Kos dokke vidare!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...