onsdag 4. februar 2015

Kupp og kupongar i februar

 Eg har gjort det til ein vane å legge ut coop-kupongane eg får ein gong i månaden.  Snart kan eg vel analysere tankegangen bak, sikkert gjort av ei datamaskin.  Sjølv om eg kjøpte ein pakke potetmjøl til jul, er det ikkje sikkert eg allereie treng ein til!  Elles er det mykje det same som går att, ser eg.  Halvparten av kupongane frå førre månad låg att ubrukte i lommeboka.
Elles raska eg med meg ei morsdagsstang fordi eg venta kaffibesøk i dag.  Det er svært sjeldan eg kjøper kaker.  Denne fann eg i frysedisken.  Konklusjonen var at den ikkje var så verst til å koste 40 kroner.

5 kommentarer:

  1. Får heller ikke alltid brukt opp disse kupungene
    Men det en trenger er det jo veldig greit å få litt avslag på.
    Selv om det ikke alltid blir så mye å spare i forhold til å
    handle på f.eks. Rema.
    Ja noen ganger er det greit å kjøpe ei kake.
    Men det er ikke alltid de smaker så godt, litt for mye
    kunstig søtsmak på de syns jeg. Greit med ei marsipankake
    som ikke koster all verden og som smaker godt.
    Håper du har en flott dag .)

    SvarSlett
  2. Eg brukar som regel alle kupongane, kanskje minus ein - somme tider. Eg kjøpte mykje egg før jul, så der hopa det seg opp litt. Derfor vart det ein stor porsjon pannekaker denne veka.Vi kjøper mykje havregryn, knekkebrød og flatbrød+ Bremykt. Det får vi som regel på rabattlappane.

    SvarSlett
  3. Ser det med meg også..
    Same varene gong etter gong, nesten til det kjedsommelige.
    Men litt rabatt er det no kjekt å få..

    Ha fin morsdagshelg!

    SvarSlett
  4. Eg blir litt irritert over desse lappane. Nokre av dei viser til ting eg har kjøpt siste tida,
    men dei truar med ei 1/2 liters Coca Cola kvar gong. Eg har aldri kjøpt ei slik, og
    er ikkje tenkt å gjere det.
    Skal eg protestere på overtramp skal tru ?
    Ellers har tanken streifa meg at med rabatt blir vara å koste det same som i
    andre butikkar.....
    Eg er visst stygg no.

    SvarSlett
  5. Med meg har egga hengt seg opp. Eg kjøper egg direkte frå gard. Kanskje eg kjøpte ein pakke egg eller to i sommar?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...