mandag 8. desember 2014

8. desember: Julekyr

I dag hadde eg såpass mykje energi att etter jobb, kanskje fordi eg berre sat tentamensvakt eit par timar og retta ferdig norskbunkane mine resten av dagen, at eg unnte meg ein handlerunde i Ørsta.  der dreiv eg litt hemmeleghandel før eg besøkte foreldra mine.

Julekuforma fekk eg på Coop.  Her har den kreative i familien ei utfordring.  Eg tenker og på ei bloggvenninne som samlar på kyr!

6 kommentarer:

  1. Hm Juleku ja..
    Burde vel vore ein stor sau i stadenfor, men sau og Tine høyre ikkje saman ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. For nokre år sidan fekk eg høyre at saueformene var populære, særleg på Flø ...

      Slett
  2. Skjønar ikkje kvifor eg føler at det er nokon frå Ytre Søre som tenkjer på bølingen min i Indre Sogn.
    Ja, kommersen kjem endeleg med sesongkyr - tør ikkje tenkje på påske og kyr!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg synest kyr er "ålreite" dyr - og artige samleobjekt!

      Slett
  3. Jaja, hva har nå kyr med jul å gjøre?
    Ikke det, pepperkakene smaker nå det samme
    uannsett fasong, så hvorfor ikke. Hehe :)

    SvarSlett
  4. Eg har kjøpt meg litt ulike kakeformer som kamelar og sjiraffar, men det er dei tradisjonelle som slår an både heime og på skulekjøkenet.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...