søndag 7. desember 2014

2. søndag i advent

 Då lyset kom att i går, begynte frøkna på julebaksten. I dag har ho halde fram med peparkakehus og "julemanna". Sjølv har eg kome godt i gang med rettinga. Norskbunkane skal verte ferdige før eg får inn engelskbunken. Eg trur eg kan seie at eg er halvvegs.  I fjor sat eg i romjula, noko eg vil prøve å unngå i år.  Ein av lærarane eg samarbeider med i vurderingsarbeidet, sluttar dessutan til jul.  Det gir meg eit ekstra spark bak!
 På facebook ser eg at snøen har begynt å kome i indre strøk.  Her smelta sluddet etter kvart som det nådde bakken.
Denne veka har vi laga kjøtkaker og riskrem på skulekjøkenet. Det inspirerte meg til å koke byggrynsgraut i går, så kunne eg lage byggrynskrem i dag til dessert.  Eg steikte berre kotelettar i dag for å ha noko enkelt midt i rettinga.

Fredag kjem studenten heim frå hovudstaden.  Det gler vi oss til!

1 kommentar:

  1. Det ser godt ut med byggrynskrem, har tenkt eg vil prøve det.
    At det er så stor forskjel på ytre strøk og berre litt lenger inn er fasinerande.
    På Harpefossen lava snøen ned då me starta heimturen, raskt var det berre regnver heile vegen heim.
    Lukke til med rettinga !

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...