torsdag 12. juni 2014

Vott med lappeteppemønster II

Også desse vottane har eg strikka før, då i raudt med blondemansjett.  Desse har eg tenkt til ei venninne som har dag i juni.

Eg er inne i ein periode med mykje arbeid og lite strikking.  Motivasjonen vert laber når ein ikkje har overskot.  Men førre veke såg eg eit engelsk mønster på eit par av strikkesidene.  Dette mønsteret fall eg pladask for.  Eg bestilte boka direkte frå forfattaren/designaren.  Eit par dagar etter fekk eg mail attende.  Boka vart send laurdag.  Ho hadde hatt hjarteinfarkt for tre veker sidan og var avhengig av skyss.

I dag har eg prøvd å motivere elevane mine for å lese engelske bøker i sommarferien.  Det skal eg og gjere.  Ei ekstra utfordring vert det med eit engelsk mønster.  Men det går nok greitt for det er Fair Isle-insirert, ikkje med kast, vrange og rette masker.

Framhald vil følgje.

2 kommentarer:

  1. Nydelige vottar. Selbuvottar er finast i "sauefargar"-etter mi meining. Dei første selbuvottane eg strikka var i ekte heimespunne garn, av svart og kvit ull.

    SvarSlett
  2. Eg synest desse fargane er finast til vaksne i alle fall.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...