søndag 1. juni 2014

1. juni: Hagegleder

 Det er ei feme på facebook at ein skal fortelje om tre gode ting med dagen i dag.  Dei fleste dagar har vel meir enn tre gleder?  Men det er ikkje sikkert at alle ser på det same som gleder.  I går tømde eg ein kompostbinge og fordelte jorda utover i eit av beda mine.  Slikt arbeid kosar eg meg med.  For andre kan det vere eit ork.  Det same gjeld vel strikking og matlaging...

Elles prøver eg så godt eg kan å gripe dagen.  Vaknar ein til skodde, så kan det kanskje høve å få vaska litt inne?  Så lite sol som vi har her, vaskar eg så å seie aldri når ho skin.
 Etter to dagar då det var meldt fint ver, men skodda skygga for sola, vakna vi i dag til sommar, sol og søndag.  Kan ein få det betre?  Peonane over bruker å blomstre på min geburtsdag.
 I fjor kjøpte eg ein peon som først sette i ei krukke utanfor døra.  Eg bruker å seie til nye hageeigarar at peonar er det første dei må skaffe seg, for dei veks sakte!  Peonen min kosta 249 kr.  Eg syntest eg hadde flotta meg litt.  Eit par veker seinare stod det att nokre avblomstra peonar av same sort for 99 kr.  Eg kjøpte to, så slepp eg å vente så lenge på at eg skal få ei stor rot!
 Denne peonen bruker vi å pynte med på frøkna sin dag.  Det er fredag, så den er i rute!
Eit motstykke til peonen er honningknoppurt.  Den spreier seg villeg.  Det er berre å røske dei vekk, att kjem dei likevel.  Det er ein av yndlingblomsterane til humlene, og dei skal vi degge for har eg forstått!

8 kommentarer:

  1. Rart med det..
    For nokon er det ein gjer glede og for andre gru.
    Syns du har fine gleder.
    Nyt sola!

    SvarSlett
  2. Den du har på siste bildet veit eg ikkje om eg har sett før. Syrinane blomstrar og knoppane på peonen er klar.
    Heilt einige med deg, stell i huset treng ein ikkje bruke soldagane til, men så opplever eg av og til at det er då me får besøk...
    Vona at juni blir varm og fin, og at forkjølinga mi slepp taket.

    SvarSlett
    Svar
    1. God betring! Kjedeleg å vere forkjøla,
      Vi får ønske oss ein sommar som i 97!

      Slett
  3. Flotte hageblomstrar! Eg kan godt forstå hagegleda. Vi har no budd i til saman ti somrar i leiligheiter utan hage, men i vinter kjøpte vi oss hus. Vi visste ikkje at vi sakna hage så mykje som no når vi endeleg har ein plen, nokre busker og ein del blomstrar å ta oss av!

    Tvilar på at vi får tømt noko kompost frå bingen i år, må nok vente til neste år med slikt... men det blir nok bra då!

    Og så var det veldig kjekt å sjå bildet av honningknoppurten. Eg gjekk forbi nokre slike blomstrar tidlegare i dag, og lurte på kva dei heitte. No slepp eg google...

    SvarSlett
    Svar
    1. Det har vorte in for vaksne på vår alder å flytte i leilegheit. Huset er ein ting, men å gje frå seg hagen, det hadde eg harr vanskeleg for!

      Slett
  4. Av mine hagegleder kan eg nemne at to clematisar som knapt har våga seg over jordskorpa siste to åra, ser ut til å vekse og trivast i år.

    SvarSlett
  5. Den eine meiner eg de hadde då¨eg budde heime.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...