lørdag 10. mai 2014

10. mai

Siste punkt på programmet i dag, var å handle inn til helga.  Elles har eg vaska, baka brød og rydda i hagen - alt med krim på øyret.  Vaflar i solveggen vart det og.  Eg høyrde nokon seie at det var noko av det mest typiske norske.  For det første har vi solvegg, i vårt tilfelle altan, og for det andre er det typisk norsk å ta med vaffeljernet ut.  (Eg steikte inne i dag rett nok.)

Denne månaden trudde eg ikkje at eg skulle få coop-kupongar. Eg bruker å analysere kvifor eg får det eg får.  Sammalen kveite gratis er halvparten av det eg bruker å få. Men det er ei vare eg bruker mykje av.  Egg kjøper eg aldri på coop, men dei gir seg ikkje! Når eg kjøper pølser, er det som regel magre, skinnfrie.  Halvparten av tilboda er på varer eg likevel ville ha fått den prisen om eg hadde kjøpt to.  Konklusjonen er at den månaden som ligg til grunn for desse kupongane, viss det er slik det virkar, har vore ein av dei månadene eg har sett meg i hovudet å ete frå frysaren.

Det er konfirmasjonshelg i bygda.  Frøkna har hjelpt til i ein.  Dei som har hatt konfirmasjon i dag, har vore heldige med veret. Vi får håpe det vert minst like fint i morgon!

I kveld er det Grand Prix.  Eg har ikkje engasjert meg særleg på førehand, men kjem nok til å sjå sendinga.

Då vil eg ønskje alle blogglesarane ei god helg!


1 kommentar:

  1. Brukte opp mine i dag.

    Egg og kjøttdeig til meg også.
    Og så ein tygiss som eg aldri brukar kjøpe.
    Så eg skulda på mannen ;-)

    God helg!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...