fredag 7. mars 2014

Jakke i Finull og Plum

Denne jakka starta eg å strikke fordi eg kunne tenke meg ei enkel, mørkeblå jakke som kan passe til blå bukser og blå skjorter - som eg har nokre av.  Skjortene vert ofte ikkje brukte anna enn vår og haust.  No vert det meir heilårsplagg.
Eg kjem til å tenke på OL i Sotsji når eg tenker på at eg strikka jakka.  Særleg spennande mønster er det ikkje: 6 pinnar rillestrikk i Finull og 3 pinnar glattstrikk i Plum.  Rillestrikk veks mykje saktare enn glattstrikk også.  Eg har lagt mykje arbeid i jakka, så no satsar eg på at ho vert mykje brukt.

Mønsteret finn ein i dette heftet. Elles kan eg røpe at eg har begynt på ei anna jakke i same heftet der mønsteret er mykje meir variert. Framhald vil følgje.

5 kommentarer:

  1. Fin og anvendelig jakke. Eg kan hugse at eg strikka bukse til Margrete under EU-avstemminga i 1972- kvar gong eg såg den, tenkte eg på pila som heldigvis peika rett veg til slutt. Men spenning var det.

    SvarSlett
  2. Det hugsar eg og. Men det er vel OL - huene som vil bli hugsa av andre.

    SvarSlett
  3. Kjempefin!

    Praktisk også.

    God helg :-)

    SvarSlett
  4. Kjempeflotte jakke, Solveig!

    SvarSlett
  5. Takk for det alle saman. Eg tek det og som eit godt teikn at frøkna kunne tenkt seg ei.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...