fredag 25. oktober 2013

Strikkelyst

 Det vert gitt ut mange bøker som eg får lyst på.  Denne lånte eg på biblioteket då ho var ny, og så tenkte eg at eg kunne slå til når ho ein dag kom på sal.
 Boka er ei fin grunnbok i strikking.  Ein finn strikkeskule bak i boka.  Elles er ho inndelt i kapittel med mange grunnmønster ...
 ... og andre mønster.
 Dei fleste er enkle.
 Ein finn eit eige kapittel med baby- og dukkeklede.
 Sjølv las eg om Ola-Ola då eg begynte på skulen.  Dei som er litt yngre enn meg, hugsar kanskje fi-fi?
Elles er der eit kapittel med ting til huset og eit med toving.

Eg synest boka høver godt for nybyrjarar og litt vidarekomne.  Boka fungerer flott som oppslagsverk.  Dei kreative kan bruke grunnmønstera som basisoppskrifter og utarbeide sine eigne plagg.

Og prisen?  149 kroner på ark.no

3 kommentarer:

  1. Denne boka har eg. Veldig kjekk!

    SvarSlett
  2. Takk for tips !
    Eg treng ei slik... Slit med å få til det eg lagar til å bli slik eg ynskjer...
    Gir kanskje opp for fort.

    SvarSlett
  3. Ser ut som ei bok eg kunne trenge..

    Fortsatt fin søndag @-}--

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...