søndag 27. oktober 2013

Årets lengste dag

Ein vert litt døgnvill første dagen med vintertid.  Eg las forresten på nett at Island ikkje har vintertid?  Eg liker ikkje denne overgangen med mørke ettermiddagar.  Om morgonane mørkt når eg går på jobb uansett.

Dagen vart ikkje som planlagt.  Eg kom meg ikkje inn på arbeidsplassen min. Eg har låst meg inn med det nye nøkkelsystemet før.  Kva som skjedde i dag, veit eg ikkje.  Men det er skikkeleg frustrerande å ikkje få gjere det ein har planlagt.  Komande veke skal eg vere på jobb til klokka fem tre dagar. Det hadde vore ein fordel å fått ein god start på veka.  Noko arbeid kan eg heldigvis gjere heimanfrå. Eit prøvesett er retta, og eg har fått laga arbeidsplan til elevane.  Kopiering og anna får eg ta i morgon.

Til middag serverte eg nakkekotelettar i dag.  I går steikte eg eit lammelår rett før det ville gått ut på dato.  Det vart perfekt, om eg skal seie det sjølv.  I morgon slepp eg å lage middag.  Då står valet mellom restar av lammesteik eller kotelettar.  Så får det bli fisk nokre dagar.

Resten av familien var på Høddvoll i dag. Sigeren i dag gir håp om opprykk.

Hausten er framleis mild hos oss.  Vi merka at det bles i går.  Snøggbåten vart visst innstilt.


1 kommentar:

  1. Eg vil berre minne deg om at det ikkje er noko som heiter "vintertid"-det vi har no, er normaltid. For oss betyr det ingen ting, men vi bør helst komme oss opp såpass tidlig at vi får nytte det dagslyset som er. Elles snærmar det seg Nils sin fødselsdag, som vi håper å kunne markere på tradisjonelt vis. Det er litt kjedelig at det er lite kommentering på bloggen for tida-alt går på FB.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...