onsdag 16. oktober 2013

Å kome til Irland

Det er travle tider om dagen med møte, flaskeinnsamling og vikartimar, berre for å nemne noko.  Eg har derfor seinka ambisjonsnivået her på bloggen.  I staden for ein stor presentasjon av turen, får det kome nokre drypp.
Det første som slår ein når ein kjem til Irland, er at alle skilt er på to språk.  Det er ikkje så mange som har irsk som førstespråk, men alle må lære det, fekk vi fortalt.

Då eg spurde elevane mine om dei ville sjå bilde og høyre om turen slike g gjorde då vi var i London, var det ein elev som meinte at det ikkje måtte vere så mange bilde av skilt.  Eg synest skilt er lærerikt!
Hotellet vårt låg ved sida av den berømte parken St. Stephen's green. Den vart stengd kl. 18. Vi såg at der var strengt.  Ein kar som hadde ølboksar i veska, måtte forlate parken sjølv om han hevda hardnakka at det var til seinare bruk.
I tillegg til at det ere ein vakker park, er der og mange kunstverk.
 De ser sikkert kva dette kunstverket må heite?
 Eg tok sjølvsagt bilde av tittelen også!

 Vi gjekk gjennom parken på veg til byen kvar dag på dagtid. Der var alltid noko nytt å oppdage...
 ... som at det veks fuksiar høge som buskar.


2 kommentarer:

  1. Eg ser at det er for lite med tre fire dagar i Dublin.
    Den parken såg ikkje me..
    Men slik er det alle nye stadar, ein får ikkje med alt i første omgong.

    SvarSlett
  2. De såg sikkert stader som vi ikkje såg også.
    Det viktigaste er å få med seg stemninga i byen, synest eg. Herlege utestader med levande musikk.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...