søndag 13. oktober 2013

13. oktober

Det har gått slag i slag her etter at eg kom heim frå Dublin. I dag bestemte eg meg for å gå ein tur rundt vatnet midt på dag. Dagen er like fin som han ser ut på bildet.  Vi har mildt, fint haustver med sol.

Eg skal kome attende med fleire blogginnlegg om turen etter kvart.  I dag kom eg på ein eg kom i snakk med i Belfast.  Der var det litt kjølig og vått den dagen.  Men i Noreg er det snø, meinte han.  Eg svarte at det er nok litt tidleg enno. Vi kan ha snø i oktober, men det er nok meir vanleg med snø i november eller desember, i alle fall i Ålesund.  I utlandet plar eg seie at eg bur nær Ålesund. Dette ville han ikkje tru på.  Han var overbevist om at vi hadde snø heime.

2 kommentarer:

  1. Det er godt det ikke er så kaldt og så mye snø her
    i landet vårt som mange utlendinger tror.
    Og den høsten (og sommeren) vi har hatt i
    år har jo vært kjempeflott.
    Et herlig bilde fra en flott høstdag du viser.
    Ha ei god ny uke :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...