lørdag 19. oktober 2013

19. oktober

 Også i dag har eg kosa meg med å lage mat og dekke bord.  Dei i familien som deltok i løp, var godt nøgde med eigne resultat. Sjølv gjekk eg meg berre ein liten tur.
På menyen i dag stod det  thailandsk fiskegryte og tilslørte bondepiker, begge delar etter oppskrifter frå skulekjøkenet.
Ein blogglesar ville vite korleis det går med strikkeprosjektet.  Det går heller sakte framover. I dag har eg strikka genseren saman på skuldrane og felt rett av.  Eg skal ta opp masker til hals som i oppskrifta.  Etterpå syr eg med maskin og klipper vekk det som vert til overs.  Eg vel då å strikke dobbel hals for å få det pent.  Brota til ermane har eg strikka tidlegare i veka.  No skal eg strikke litt på kvar.  Det vert nok til at eg strikkar noko einsfarga etter dette prosjektet ...


4 kommentarer:

  1. Flott dekket bord og nydelig genser. Et tips er å plukke opp masker med heklekrok og garn. Det blir alltid vellykket.

    SvarSlett
  2. Eg bruker strikkepinnen. Prinsippet vert det same. Elles har eg planar om å lære meg å montere utan symaskin, i alle fall framme på jakker. Eg kjøpte meg ei bok i Dublin som eg kjem attende til.

    SvarSlett
  3. Genseren er kjempefin. Trur han kan legge vekk den gamle "yndlingsgenseren" no.

    SvarSlett
  4. Vi bør kanskje prøve å få kloa i den!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...