lørdag 8. juni 2013

Tre for to på sko

I dag har eg gjort litt av kvart. I tillegg til helgevask vaska eg eit par vegger.  Det har samla seg ein del finstøv i oppussingsperioden, og spesielt på liggande panel vert det synleg.
I dag greidde eg å samle heile familien på middag.  Det stod det svinekotelettar på menyen.  Tidspunktet var klokka tre.  Ingen ville sjå kongeleg bryllaup, så gjestene forsvann  fort, ikkje lengre enn ned på TV-romet rett nok.
Og så var det ho som hadde fått pengar til fødselsdagen for å eventuelt kjøpe seg sko.  Dei annonserte "ta tre betal for to" på sko tidlegare i veka. (Slike tilbod skygger eg eigentleg unna.) Vi gjekk saman, og det vart til at eg "fekk" eitt av para.  Det er eit par heilt lave eccosandalar som eg treng når eg skal trakke i gatene i Roma om eit par-tre veker.  Sandalane var heilt fantastiske å ha på seg.  Dårlege sko kan øydelegge ein ferie.  Ein kan ikkje ta smålege omsyn som at ein helst vil vere elegant og høg.  Ei av kjenslene eg fekk sist eg var i Roma, er at eg, med mine 164 1/2, er høg i verdsmålestokk.


8 kommentarer:

  1. En trenger gode sko visst en skal traske rundt
    i bygater. Ser fine ut også.
    Koselig å kunne samle familien til middag.
    Her hadde vi tenkt på grilling, men så ble det
    overskyet og vind og da er det nesten bedre i
    steke maten inne. Gjør et nytt forsøk i morgen.
    ha en god søndag :)

    SvarSlett
  2. Ecco er tingen. Har ikkje så mange sko. Men dei aller fleste av dei er Ecco. Har bla. 3 par sandalar (ein annan type enn den du kjøpte). Treng innesko både heime og på jobb, og eit til utebruk.

    God helg B-)

    SvarSlett
  3. Eg slit ein del sko. Eg går til og frå jobb i tillegg til litt trakking inne. Sist eg var i Roma hadde eg med meg to par kjempegode sko, men det var bra eg hadde byte. Same kor gode sko er, kan ein få problem, er mi erfaring.

    Her får vi også kanskje betre ver i morgon?

    SvarSlett
  4. Ecco sko er verdens beste. Eg er blitt veldig glad i mine Ecco Biom. Dei har dette merke til halv pris no, men når full pris er ca 2000 kr, blir det ikkje billig. Mine kosta ca1400 på ordinær pris. Eg brukar dei til og med når eg er på shopping. Å gå og trakke i gater er langt frå det beste for beina.

    SvarSlett
  5. Eg har slike sandalar, veldig gode å gå i.
    Og er svært nøya på sko...syns at dei er gode er viktigare enn at dei er "fjonge".
    Einige med deg at ein må ha byte når ein skal trakke mykje.
    Kor kjekt å sjå fram til tur, og så til Roma !!

    SvarSlett
  6. Ser at du har same slags voksduk som vi-berre at vår er grøn.

    SvarSlett
  7. Typisk oss! Eg kjøpte min på Princess.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...