onsdag 19. juni 2013

Norsklærarkake - eller alternative undervisningsmetodar

Før norsktentamen gjekk eg gjennom den mest vanlege rettskrivingsfeilen.  Mange slit med å skilje mellom viss, vist og visst.  Etter å ha forklart det på tala, ingjekk eg eit veddemål med klassa: Viss alle greier å skrive viss, visst og vist rett, skal eg bake sjokoladekake.

No trur kanskje blogglesarane at rettskrivingsregelen sit som spikra. Så vel er det ikkje.  Eg hadde berre så vidt starta på bunken, for feilen dukka opp.  Men så kjem ein av dei som skriv rett og spør om dei hadde greidd det.  Då smeltar sjølvsagt lærarhjartet.  Kaka vart bakt etter oppskrift frå  Smalhans. Ho  er akkurat passeleg stor til forma med plastlok og hankar.  Eg gjorde ei endring i oppskrifta, nemleg å ha i ei ekstra matskei (=ss=15 ml) kakao i både botn og fyll.

Til pynt vart det då sjølvsagt nokre rettskrivingsreglar ... Kanskje nokre lærer etter kakemetoden?

No står den raskaste sjokoladekaka frå same bok i omnen.  Etterpå skal eg sette inn eit par karamellpuddingar.  Det er tid for avslutningsfestar!

6 kommentarer:

  1. Du smelta visst ..
    Var det så vist.. ;-)
    Viss kaka lærte dei noko var det bra!

    Får eg også kake ??

    SvarSlett
  2. Alternative måtar å lære på er lurt !
    Og å få det inn med teskei må no vere effektivt ;)

    http://amosinblogg.blogspot.no/

    SvarSlett
  3. Eller rettare sagt matskei. Etter å ha baka nokre hundre sjokoladekaker i langpanne i tida som "kjøkkenlærar", orkar eg knapt synet av sjokoladekaker. (Likte det ikkje så godt før heller). Men rettskriving har eg sansen for. Gremmer meg over feil i aviser, i dag Regionavisa. Las eitt stykke, og det var så fullt av feil at eg la vekk heile avisa.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...